Hopp til innhold

Skjebnedag for økoparken

Tingvoll økopark har brukt opp pengane og treng millionbeløp for å kunne drive vidare. I dag er det ekstraordinært kommunestyremøte for å finne ei løysing for økoparken som er eigd av kommunen, Norsøk og fylkeskommunen. Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik seier dei er innstilt på å vere med vidare. Økoparken er ein reiselivsattraksjon og eit opplevingssenter med fokus på plante- og dyreliv og berekraft.

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik
Foto: Gunnar Sandvik / NRK