Hopp til innhold

I dag spelar Hødd årets viktigaste kamp

Hødd kjempar med alt dei har for å unngå å rykke ned til 1. divisjon. I dag spelar dei årets viktigaste kamp.

Steinar Lein

Hødd-trenar Steinar Lein meiner det er viktig at spelarane ikkje fokuserer for mykje på det negative før den avgjerande kampen mot Sandnes Ulf i dag.

Foto: NRK

– Vi treng ikkje å seie det ein gang, spelarane veit kva det gjeld, seier Hødd-trenar Steinar Lein.

I dag møter dei Sandnes Ulf på bortebane i sesongens siste og mest avgjerande kamp. Hødd er no ein av tre klubbar som kjempar om plass i førstedivisjon neste sesong, og med seier vil Hødd vere på ein sikker plass.

– Vi har trent og førebudd oss godt den siste veka og spelarane har vore fokuserte og konsentrerte. Vi har lagt ein kampplan som vi har trua på, og no gjeld det å klinke til og kjempe med alt vi har, seier Lein.

Med ein borteseier mot Sandnes Ulf vil Hødd kunne sikre plassen i 1.divisjon. Uavgjort og eit poeng for Hødd vil eliminere sjølv ein Bryne-seier og uavgjort for Ullensaker/Kisa. Då vil Hødd berre rykke ned dersom Ull/Kisa vinn borte mot Kongsvinger.

Men dersom Hødd tapar mot Sandnes Ulf går Ull/Kisa forbi Hødd med eit poeng, og Bryne vil gå forbi med seier heime mot Fredrikstad.

Laster innhold, vennligst vent..

Tøff sesong

For det er no det verkeleg gjeld. I fjor var Hødd med å kjempa om opprykk til eliteserien, denne sesongen har dei kjempa for å halde seg over nedrykksstreken.

– Det har vore ein tøff sesong der vi ikkje fekk dei resultata vi ville frå starten av. Vi hamna under streken og det skjedde etter kvart eit trenarbyte. Vi hadde ei god periode i juli-august der vi vann ein del kampar, men i førstedivisjon kan ein ikkje ha for mange dårlege periodar, seier Lein som tok over som trenar etter at Hans Erik Eriksen blei sagt opp i juni.

Brann - Hødd 1-2

Arkivfoto: Vil Hødd kunne juble etter søndagens kamp mot Sandnes Ulf?

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Men trass i at det har vore ein tøff sesong for laget frå Ulsteinvik, meiner Lein at det er viktig å ikkje fokusere for mykje på det negative.

– Du har allereie tapt dersom du berre fokuserer på konsekvensane. Ein må fokusere på prestasjonane. Får du til det, så er moglegheita større for å lykkast.

Lein meiner det er viktig at spelarane ikkje heng seg for mykje opp i alvoret knytt til dagens avgjerande kamp.

– Vi snakka om det etter kampen mot Strømmen der vi følte at det gjekk i stå for spelarane. Dei blir litt låst fordi dei har så mange tankar i hovudet. Difor har vi jobba mykje med det denne veka. Det handlar om å gle seg til kampen, vere i godt humør og tenke at ein skal gå ut på bana og spele den beste kampen ein nokon gong har spelt.

– Så får vi endeleg den oppturen vi har venta på i heile år, seier han.

– Gir ikkje opp

Men trass i at sjansen for å rykke ned til 2. divisjon no er farleg stor, er ikkje supporterane til Hødd villig til å gi opp håpet om å sikre vidare spel i 1. divisjon.

– Vi gir ikkje opp, vi kjem aldri til å gi opp. Det viktigaste for meg er at spelarane prøver og at dei jobbar og står på som eit lag, seier Atle Moldskred i supporterklubben Blåsarane.

Atle Moldskred

Atle Moldskred og resten av Blåsarane har ikkje gitt opp håpet om å berge plassen i 2. divisjon.

Foto: magnus gamlem

Han håper at Hødd klarer å slå Sandnes-Ulf på søndag, men innrømmer at han er ganske nervøs.

– Akkurat no har eg det heilt forferdeleg, men vi kan ikkje slutte heller, vi må støtte laget. Og om det verste skulle skje, så kjem vil til å støtte laget uansett. Men vi håper jo sjølvsagt på det beste utfallet og at vi framleis spelar i 1. divisjon neste år.

Cupfinalegullet frå 2012 er kanskje det mange huskar best når dei tenker på Hødd, men Moldskred vektlegg at også då stod Hødd i fare for å rykke ned.

– Ein må hugse at det var like før dei rykte ned det året også, så vi er eigentleg i same situasjon no. Difor håpar vi at vi greier det denne gongen også, og at vi kan feire på søndag, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..