– Det blir forferdeleg å vere i retten ein gong til, seier far til jenta, Robert Osborg.
Ulukka skjedde i april i fjor då fire år gamle Rebecca var i slalåmbakken på Bjorli saman med faren sin, Robert Osborg. Ei trakkemaskin byrja å rygge og køyrde over begge. Jenta omkom, medan faren fekk store skadar.
(Foto: Scanpix)
Dømt i fjor
Føraren av trakkemaskina blei i november kjent skuldig i grov aktløyse og fekk fengsel i 10 måneder, halvparten utan vilkår.
Men han blei også fråteken førarkortet i tre år og dømt til å betale 130.000 kroner i erstatning til foreldra. Ankesaka som startar på Lesja i dag, går ikkje på skuldspørsmålet, men straffeutmålinga, tap av førerkort og erstatningsbeløpet.
– Småleg
Robert Osborg skal vitne i retten måndag.
– Det blir svært tungt å gå gjennom saka nok ein gong, seier han.
Han reagerer spesielt sterkt på at føraren av trakkemaskina ankar erstatningsbeløpet.
– I forhold til alt vi har gjennomgått, er denne pengesummen ein bagatell. Dette er direkte småleg, seier Osborg.