Hopp til innhold

Skitalent satsar mot NM

Martine Lorgen Øvrebust frå Stordal er rekna som eitt av dei store skitalenta i Noreg. No satsar ho for fullt mot junior-NM i mars.

Martine Lorgen Øvrebust

Martine Lorgen Øvrebust under ungdoms-OL i Liechtenstein i januar.

Foto: Privat

Medan seniorane sankar medaljar i VM, manglar det ikkje på talent også blant yngre langrennsløparar.

Martine Lorgen Øvrebust

Øvrebust sanka både sølv- og bronsemedaljar under ungdoms-OL.

Foto: Privat

Då det norske laget tok sølv under stafetten i ungdoms-OL i Liechtenstein i januar, var det med 18-åringen frå Stordal på siste etappe. I tillegg kan Øvrebust skilte med ei individuell bronsemedalje frå meisterskapen.

– Det er jo kjekt at det går så bra. Du får igjen for jobben du har gjort heile året, seier Øvrebust.

Den jobben består mellom anna av 600 treningstimar.

– No i sesongen blir det mindre enn elles for å vere klar til konkurransane, seier Øvrebust.

Motivert av gode resultat

– Eg har gått på langrenn så lenge eg kan huske. Og det har alltid vore slik at eg har hatt lyst til å vinne mi klasse, seier Øvrebust.

– Så då har eg vel halde fram med det – å ville vere best heile tida.

Under NM i fjor tok ho gull i si klasse, nesten eitt minutt framfor nummer to.

– Eg kan få gode plasseringar, men likevel ikkje vere fornøgd med løpet. Så det beste er nok når både forma og plasseringa stemmer, seier ho.

Viktig med gode førebilete

Stig Aambø

Stig Aambø administrasjonssjef i Møre og Romsdal skikrins.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

For skikrinsen er det viktig med gode førebilete for unge som ønskjer å satse.

– Det er klart det er viktig, seier Stig Aambø.

Han seier Øvrebust er ein spydspiss i si klasse.

– Det er eit trongt nålauge i Noreg, men ho har gjort det godt både i fjor og i år, så det blir spennande å følgje med vidare.

Han nemner også Mari Støen Gussiås frå Molde og Ingvild Øye frå Hovdebygda som viktige ambassadørar.

Går for pallplass

For Øvrebust er det neste store målet junior-NM i Trondheim i mars.

– Håpet er pallplasseringar, seier ho.

– Er det eit mål på sikt å konkurrere med dei beste seniorane?

– Eg vil halde på så lenge det er gøy, men det er mykje som skal klaffe. Eg trur ikkje folk forstår kor langt det er frå å vere blant dei beste 18-åringane i Noreg og til å konkurrere på seniornivå, seier Øvrebust.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL