Hopp til innhold

Skiskyttar Synnøve Solemdal legg opp – vil bli student

Synnøve Solemdal har valt å legge opp, og vil heller følge andre draumar. – Det er det litt tungt å gje slepp, seier ho til NRK.

Synnøve Solemdal

Synnøve Solemdal gjev seg, og vil heller jakte nye draumar.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX

– Eg har blitt meir og meir nøgd med karrieren, så det kjenst veldig rett. Eg har mange draumar som eg har lyst til å følge no, sier ho til NRK.

Solemdal har totalt seks VM-gull og ein bronse frå mix-stafett og stafett. Det siste VM-gullet på stafett tok ho no i vinter.

Manglar motivasjon

Det først og fremst mangel på motivasjon som gjer at Solemdal no gjev seg.

Ho har tenkt lenge på å gje seg, men begynte å først å seie det til folk i helga at ho har bestemt seg.

– Eg har heile tida skuva det foran meg og gjennomført sesongen etter beste evne. Det var heile tida planen å kjenne på det etter sesongen.

Synnøve Solemdal
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Jo lenger uti sesongen ho kom dess meir kjente ho ei aukande lyst til å gjere andre ting.

– Samstundes har det vore eit utruleg artig og fint liv med skiskyting, så det er det litt tungt òg å gje slepp på, seier Solemdal.

På spørsmål om kva minne nordmøringen kjem til å hugse best, er det VM-gullet i stafett i Holmenkollen i 2016 som står ut.

– Det var ei heilt uverkeleg oppleving der vi kom som skikkeleg underdogs og klarte å ta gullet, seier skiskyttaren.

Tiril Eckhoff og Synnøve Solemdal

Synnøve Solemdal vann gull under VM i skiskyting i Oslo i 2016 saman med Tiril Eckhoff, Fanny Horn Birkeland og Marte Olsbu.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Gler seg til å studere

Til hausten har 30-åringen planar om å studere.

– Å studere er ein draum eg alltid har hatt. Det har vore ein av dei tinga eg kjenner eg har ofra ved å satse. Eg gler meg veldig veldig masse, seier Solemdal.

– Har du bestemt deg for kva?

– Ikkje 100%, men akkurat no ligg det an til at eg har lyst til å bli ingeniør.

I tillegg håpar ho gå fleire turar, samt at ho får brukt meir tid med vennar.

Solemdal debuterte i verdscupen i skiskyting i 2008/09-sesongen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL