Hopp til innhold

Verft opnar opp att etter ni dagars koronastenging

Totalt 24 arbeidarar testa positivt for korona. No kan skipsverftet til Vard i Vestnes opne opp for fullt etter eit omfattande testprogram.

Arbeidarane er tilbake på Vard Langsten

Hundrevis av arbeidarar ved Vard Langsten i Tomrefjord kunne kome tilbake på jobb igjen etter ni dagars koronastenging.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

11. mai stengde Vard Langsten i Vestnes då seks av arbeidarane var koronasmitta Utbrotet førte også til at kommunen sette inn ekstra tiltak for innbyggarane, med forbod mot arrangement, skjenkestopp, munnbindpåbod og stenging av blant anna treningssenter.

Det blei gjennomført eit to trinns testprogram og karantene for om lag 500 personar knytt til verftet for å få bukt med smitten. No kan Vestnes kommune konstatere at smitten er slått ned, og arbeidarane kan kome tilbake på jobb.

– Det er klart det har hatt store konsekvensar å stenge, men vi gler oss over å ha fått stoppa utviklinga og har fått kontroll over situasjonen, seier kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll i Vard.

Dei veit framleis ikkje korleis smitten kom inn til verftet.

Hege Akslevold, kommunikasjonsdirektør i Vard.

Hege Akselvoll er kommunikasjonsdirektør i Vard, som eig fleire skipsverft i Noreg og i utlandet.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Men de har hatt ein tøff jobb med å halde smitten unna?

– Vi har jobba intenst i over eit år for å unngå at eit verft skulle bli stengt, og arbeidarane som kjem frå utlandet er gjennom karantene og eit strengt testregime. Men når smitten i regionen aukar blir det vanskeleg å oppdage det raskt nok, seier Akselvoll.

Det har vore høgt smittetrykk i Møre og Romsdal den siste månaden. Blant anna blei over 150 smitta etter fest på restauranten Toldboden i Ålesund, som er nabokommunen til Vestnes.

Arbeidarane tilbake

Parkeringsplassen ved Vard blir fylt opp igjen av bilar. Ved verftet ligg blant anna det nye forskingsskipet til Kjell Inge Røkke, ​​​​​​​«Ocean Rev​​​​​​​».

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Lågast R-tal i landet

No har utviklinga snudd. Folkehelseinstituttet anslår at R-talet for Møre og Romsdal no er på 0,4. Det viser FHI sin vekerapport. Talet er lågast i landet, og betyr at mengda påviste prøvesvar er på god veg ned.

Smitten på verftet skal ikkje ha ført til vidare smitte i lokalsamfunnet, ifølgje Vestnes kommune.

Ordfører i Vestnes, Geir Inge Lien. (SP)

Geir Inge Lien (Senterpartiet) er ordførar i Vestnes i Romsdal.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Vi har hatt eit utruleg godt samarbeid med verftsnæringa som gjer at vi har hatt god kontroll. Og eg er veldig imponert over måten kommunen og verftet har jobba på for å slå raskt ned utbrotet, seier ordførar Geir Inge Lien.

Ordføraren er letta over at smitten no er under kontroll i kommunen.

– Håpar du at dette er over no?

– Det håpar eg verkeleg, og eg håpar vi får nok vaksine snarleg, slik at vi kan kome oss vidare, seier Lien.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL