Tomta er på 8000 kvadratmeter og inneheld kai, bedding, stålhall, matsal og kontorbygg.
– Her er noko for ein kvar smak, seier advokat og bustyrar Jørund Knardal.
– Gunstig
Knardal seier verftet er gunstig å kjøpe mellom anna for skraphandlarar, fordi stål og aluminiumprisane er svært høge.
Voldnes skipsverft var det største privateigde selskapet her i landet på 50- og 60-talet, men tidlegare i år gjekk det konkurs. Jørund Knardal har fått den spesielle oppgåva å selje verftet.
Visingar
Fleire har alt vore på verftvsising, og Knardal håper å selje alt under eitt. Prisen er sett til seks millionar kroner, men bustyraren vedgår at det er alt anna enn lett å fastsetje pris.