Hopp til innhold

Skipper skadd i kaikollisjon

Skipperen om bord på MF Aukra vart lettare skadd då ferja kolliderte med kaia i Hundeidvika i Sykkylven i ettermiddag.

Ferjekaia på Hundeidvika.

ETTER SAMANSTØYTEN: Ferjekaja på Hundeidvika fekk seg ein skikkeleg smell i samanstøyten.

Foto: Arve Garli

Ferja som går i rute mellom Hundeidvika – Festøya er innstilt inntil vidare etter eit kraftig samanstøyt med ferjelemmen på Hundeidvik klokka 15.35 i ettermiddag.

Skipperen skadd i samanstøyten

Skipperen vart lettare skadd i kollisjonen og vart sendt til Ålesund sjukehus med brotskader, opplyser politiet.

Politiet granskar no rutinemessig kva som skjedde då ferja støytte mot kaia og kjenner enno ikkje årsaka.

Det er ikkje mistanke om promille i samband med ulukka.

Politiet karakteriserer det som eit uhell at skipperen kom lettare til skade.

Ingen passasjerar skadde

Det var seks passasjerar, eit mannskap på fem og fem bilar om bord då ulukka skjedde.

Ingen av passasjerane vart skadde, men to av bilane fekk bulkar.

Det er ikkje første gang ferja treff ferjelemmen i Hundeidvika med voldsom kraft. Ein desemberkveld i 2008 braste ferja inn i kaia med eit voldsomt smell.

Ingen passasjerar skadde

Det var seks passasjerar, eit mannskap på fem og fem bilar om bord då ulukka skjedde.

Ingen av passasjerane vart skadde, men to av bilane fekk bulkar.

Ute av drift

Ferja MF Aukra er ute av drift etter samanstøyten og det er ikkje sett inn ei ny ferje på sambandet. Etter kollisjonen returnerte ferja til Festøya for å setje i land bilane. Ferjekaia i Hundeidvika er stengt.

Det betyr problem for dei som skal mellom Ørsta og Sykkylven.

Omkøyring er via ferjesambanda Festøya - Solavågen og Magerholm – Sykkylven.

Ferja ligg no ved kai på Festøya, opplyser politiet.