Hopp til innhold

Skipet er slept frå land

Holmfoss av Tromsø blei før klokka 16.00 slept ut i Ellingsøyfjorden, etter å ha gått på land ved Lerstad i Ålesund tidlegare i ettermiddag. Ein bergingsbåt kom raskt til, men no går Holmfoss av eiga maskin. Det var ni personar om bord, men ingen blei skadde og det var ikkje lekkasje frå båten.