Hopp til innhold

Nyoppussa tog på Raumabanen

No får cruiseturistar oppleve ein tur frå Åndalsnes til Bjorli med eit tog som skin i kapp med sola.

Nytt tog på Raumabanen

Det oppussa toget har klimaanlegg, større plass i kupeane og er eit større tog enn det førre toget.

Foto: arkiv

Torsdag køyrer NSB den første turen for cruiseturistar med nyoppussa tog frå Åndalsnes. I dag er det passasjerar om bord i cruiseskipet Albatros som får tilbodet om ein togtur til Bjorli.

– Toget står fram som heilt nytt. Det er skinnande og blankt, seier Terje Fossum, marknadsansvarleg i NSB Dovre- og Raumabanen.

Dette er toget skal bli brukt i cruisetrafikken mellom Åndalsnes og Bjorli i sommar.

– Det er stor stas, det er jo eit heilt nytt tog med alle fasilitetar, seier Fossum.

Toget er av same type som toga som går mellom Oslo–Trondheim og Trondheim–Bodø.

Kapasiteten blir auka frå om lag 200 til over 270 plassar per tur med det nye stillegåande toget.

Plass til syklar

Nytt tog på Raumabanen

Slik ser det nye toget på strekninga mellom Åndalsnes og Bjorli ut.

Foto: arkiv

Dette er eit spesialopplegg for cruiseturistar, men andre kan og ta turen. Likevel kan det bli ei utfordring å få tak i billettar.

– Cruisepassasjerane bestiller billettar eitt år i forvegen, men ein kan alltids prøve å få seg ein billett på Åndalsnes stasjon, seier Fossum.

Det nye toget har og ei vogn som har god plass til syklar.

Frå 27. mai er sesongen for fullt i gang med nye rutetider og fullt trøkk. NSB ventar i år om lag 30 prosent auke i cruisetrafikken på Raumabanen.