NRK Meny
Normal

Polsk skiløpar berga ned frå Trolltind

Ein polsk skiløpar i 40-åra blei søndag ettermiddag berga ned frå fjellet Trolltind mellom Nesset og Sunndal.

Laster kart, vennligst vent...

Ein person er berga ned frå fjellet mellom Sunndal og Nesset søndag ettermiddag.

Ifølgje politiet var det ein polakk i 40-åra i eit turfølgje som søndag ettermiddag blei skadd i området rundt Trolltind, mellom Sunndalsøra og Eresfjord i Nesset. Vedkomande klarte ikkje å ta seg ned frå fjellet åleine.

Personen er ikkje alvorleg skadd, men klarer ikkje å ta seg ned sjølv, seier operasjonsleiar Frode Gjøsund.

Klokka 18.30 opplyser politiet på Twitter at personen no er komen ned og er sendt til Kristiansund sjukehus.

Hovudredningssentralen måtte gje opp

Ifølgje Gjøsund har Hovudredningssentralen fånyttes forsøkt å kome til med helikopter, og ba deretter politiet om hjelp.

Det skal vere dårleg ver i området.

Lokalt Røde Kors skal søndag ettermiddag ha klart å få tak i personen, som skal vere på veg til Jørdalsgrend på snøscooter. Også Norsk Folkehjelp deltok i søket.

Populært turmål

Trolltind er eit populært turmål med lang vintersesong. Fjellet er 1347 høgt og ligg på grensa mellom Nesset og Sunndal.