Ein person er omkommen etter snøskred på Sunnmøre

Den sakna personen er funnen og bekrefta omkommen etter eit snøskred i Sykkylven på Sunnmøre.

Leiteaksjon Sykkylven

Politietsette i gang ein omfattande redningsaksjon etter at ein person blei meldt sakna i eit snøskred ved Brunstadhornet i Sykkylven laurdag.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Oppdatert måndag 11. mars: Mannen blei funnen og henta ut av området måndag ettermiddag.

Store styrkar leita laurdag ettermiddag etter ein mann som blei tatt av skredet ved Brunstadhorn i Sykkylven.

Politiet avslutta redningsarbeidet for kvelden i 19.30-tida. Ei kvinne blei frakta til sjukehus med redningshelikopter.

Ho var i turfølgjet til mannen dei leita etter, opplyste operasjonsleiar John Bratland ved Møre og Romsdal politidistrikt til NRK i 19.30-tida.

I 23.15-tida melde politiet på Twitter at mannen var funnen og bekrefta omkommen. Pårørande er varsla.

Laster Twitter-innhold

Store styrkar kalla ut i fjellet

Politiet kalla tidlegare på dagen ut redningshelikopter både frå Ørlandet og Florø for å leite etter personen som var tatt i skredet.

Dei sende også inn ein snøscooter med lavinehund. Dårleg vêr gjorde det vanskeleg for luftambulansen å kome til.

Redningsaksjon

Politiet har oppretta hovudkvarter på Brunstad i Sykkylven. Herifrå blir redningsaksjonen på Brunstadhornet leia, men vanskeleg ver kompliserte leitinga laurdag.

Både Røde Kors, skredgruppe og hundar deltok i arbeidet.

Bratland seier ein person melde frå at ho såg eit turfølgje bli tatt av skred, og at ein person ikkje var å sjå igjen etterpå.

Det bratte fjellet Brunstadhornet (1524 moh) er eit populært turmål, men blir vurdert til å krevje gode snøforhold, stegjarn, isøks og godt utvikla vurderingsevne.

Laster Twitter-innhold

Seks snøskred på Sunnmøre

Skredet som utløyste ein omfattande redningsaksjon er det sjette i ein serie av snøskred på Sunnmøre laurdag.

Redningsaksjon Brunstadhorn

Ein snøscootar blei laurdag ettermiddag send inn i rasområdet for å leite etter den sakna skiløparen ved Brunstadhornet i Sykkylven.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Litt tidlegare på ettermiddagen gjekk det berre minutt mellom kvart skredvarsel på Sunnmøre. Felles for dei var at dei var utløyste av skiløparar, og at ingen kom til skade.

Knallsol og snødekte toppar lokka mange til fjells, trass i betydeleg snøskredfare mange stader i landet.

– Det er ikkje vanleg med så mange skred på kort tid, sa operasjonsleiar John Bratland til NRK laurdag ettermiddag.

Operasjonsleder John Trygve Bratland

Operasjonsleiar John Bratland i Møre og Romsdal politidistrikt ber folk vurdere nøye før dei legg ut på topptur på Sunnmøre.

Foto: Politiet

Han forklarer det med uvanleg stor utfart og nysnø som har lagt seg oppå eit hardt og polert underlag.

Fem skred på to timar

Nettstaden Varsom.no melder at det er betydeleg snøskredfare fleire stader i Troms og Nordland, i tillegg til i Møre og Romsdal.

Men så langt er det registrert desidert flest snøskred i Møre og Romsdal. Politiloggen viser at dei fem skreda blei utløyste i rekke og rad frå ulike stader i fjellheimen på Sunnmøre:

Kl. 12.56: Grøtdalstindane, Ørsta

Brunstadhornet

Majestetiske Brunstadhorn (1524 moh) i Sykkylven er eit populært turmål, men blir rekna for å vere krevjande.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Kl. 13.29: Sandegga, Ørsta/Volda

Kl. 14.32: Saudehornet, Ørsta

Kl. 14.36: Skårasalen, Ørsta

Kl. 14.57: Ystevasshornet, Sykkylven

Allereie etter at skred nummer to hadde gått fann politiet grunn til å åtvare folk mot skedfaren.

Laster Twitter-innhold

Ber folk sjekke nøye

Politiet i Møre og Romsdal ventar stor utfart også søndag på grunn av det fine veret. Operasjonsleiar John Bratland ber dei som skal på tur om å sjekke forholda nøye.

– Det er absolutt ikkje uforsvarleg å vere ute i fjellet, men folk må gjere skikkelege vurderingar. Det handlar om å gjere seg kjent med området ein skal inn i, og ha nok informasjon til å kunne vurdere om turmålet er trygt, seier han.

Seks snøskred blei utløyste på kort tid på Sunnmøre laurdag ettermiddag. Politiet åtvarar folk mot å legge i veg utan nødvendig kompetanse.