– Eg bestemte meg i fjor. Då hadde eg opningskonserten på ein festival, og der stod det Heidi Marie! Eg vart først full av flir, men så bestemte eg meg for å skifte namn, seier ålesundaren til Osloby.no.
Namneskiftet vart offisielt i samband med at singelen hennar «Like a drumbeat» vart sleppt 9. mai. Når artisten opptrer på Norwegian Wood 14. juni, blir det for første gong som Marie Munroe i Noreg.
Tek namnet etter bestefaren
Ho er langt frå den einaste i rekkja av kjendisar og artistar som har teke eit kunstnarnamn, men for ho er det meir enn som så.
– Farfaren min heitte Munroe til fornamn, og eg har alltid meint at det er eit fantastisk flott namn. Bestefar dreiv Munroe konditori i Ålesund, som låg rett over gata for oss, seier ho og legg til at ho aldri hadde teken namnet om det ikkje var for ho har eit nært forhold til det.
- Les også:
Opnar dører internasjonalt
Hilde Marie Kjersem debuterte som jazzartist i 2008 og har hausta strålande kritikkar for fleire av albuma sine. Med det nye albumet og det nye artistnamnet, håper ho å ta karrieren vidare.
– Eg har hatt eit par jobbar i Canada, og opplever at det nye namnet opnar internasjonale dører, og det er jo kjekt. På Norwegian Wood tek eg med meg både ny og gammal musikk, berre under eit meir hugsevennleg namn, seier ho til Osloby.no
- Les også: