Hopp til innhold

Skifta karriere og vil bli verdsett

Dei jobba som lærer, sjukepleiar og omsorgsarbeidar, forlèt yrka og blei mjølkebønder. No vil dei ha fokus på at dei er viktige for landet.

Bønder i fjøset foran kuer

Ragnhild Liabø Fjeldstad, Trine Reinfjell Engdal og Marte Halvorsen

Foto: Gunanr Sandvik / NRK

I Valsøyfjord bur tre kvinner som alle har gjort ei vending i livet utanom det vanlege.

I dag sette dei fokus på ringverknadane av norsk landbruk.

– Vi disponerer ei enorm bygningsmasse, genererer jobbar til handverkarar og bygningsfolk og kjøper varer frå Felleskjøpet. Utan oss hadde ikkje Felleskjøpet i Halsa eksistert, meiner Marte Halvorsen.

Marte Halvorsen- kvinne i fjøs

Marte Halvorsen skifta jobb frå lærar til bonde.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ho er ei av dei tre kvinne som ville vise at bøndene held liv i landsbygda.

Nye karrierar

Marte jobba i mange år som lærar skifta beite i godt vaksen alder.

– Eg blei bonde fordi eg ville heim att og drive med mjølkeproduksjon då borna blei store. No ber vi politikrane om å ta vare på næringa, seier Marte.

Eit begrensa landbruk eller eit land utan denne næringa, vil gjere Noreg heilt annleis, fryktar ho.

Bremsespor gjennom Østerdalen

Ragnhild Liabø Fjeldstad er tidlegare sjukepleiar med jobb i heimesjukepleien i Oslo. Ho fekk med ektefellen frå Austlandet og flytta til Megard på Liabø med utsikt til Skålvikfjorden.

Men det var berre så vidt ho fekk mannen med på lasset heim.

– Det var bremsespor oppover heile Østerdalen, ler ho.

Ho fortel at faren ville gi seg som bonde og valet stod mellom å selje garden eller å ta over drifta. Valet var vanskeleg.

Kvinner i fjøs

Dei tre bøndene meiner storsamfunnet og politikarane må få augo opp for verdiskapinga landbruket står for. Ragnhild til høgre.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Det har vore strevsamt. Vi måtte få hjelp med kapital frå familien og jobbe utanfor ved sidan av. Elles hadde det ikkje gått, fortel ho.

Å drive gard har større innverknad på samfunnet enn folk flest er klar over, meiner Ragnhild.

Mykje omsorg

Trine Reinfjell Engdal jobba også i helse- og omsorgsektoren før ho bli bonde. Ho og mannen driv garden i lag, men han arbeider deltid utanom bruket.

– Eg likar ansvaret, og synes det var verd å gå å forlate helsesktoren til fordel for bondelivet. Det er omsorg i begge yrka, seier ho.

Også Trine skulle sett at det nye yrket hennar blei meir verdsett av storsamfunnet.

– Tøffe, dyktige damer, seier Bondelaget

Det var Møre og Romsdal Bondelag som samla dei tre bøndene til treffet i dag.

Rose Bergslid i Bondelaget

Rose Bergslid i Bondelaget er glad for at kvinner tør å satse i landbruket.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Rose Bergslid, rådgivar i Bondelaget fortel at ein arbeidsplass i landbruket gir ni andre til storsamfunnet.

– Det er berre 14 prosent kvinnelege bønder på landsbasis, og at tre er på ein plass som her, er topp!

Bergslid har forska på temaet kvinner i landbruket, og meiner at forholda for kvinner som driv gard, ikkje er gode nok i vårt distrikt .

– Særleg kombinasjonen bondelivet, familieliv og stor arbeidsmengde, kan vere utfordrande for kvinner i landbruket, seier ho.

Imponert

Else-May Botten, Næringspolitisk talskvinne for Arbeidarpartiet, var med på treffet i Halsa i dag.

– Næringspolitisk er driftige bønder viktig. Mat må produserast, og vi politikarar har ei rolle for å oppretthalde landbruket. Vi har ein jobb å gjere, seier Botten.

jkvinen i fjøs, Else-May Botten

Else- May Botten (Ap) treivst i fjøset i Valsøyfjorden i dag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Dei tre som valde bondeyrket som ny framtid, slår fast at dei ikkje angrar på vala dei gjorde.