NRK Meny
Normal

Professor slaktar kommunereforma

STORDAL (NRK): I ein av dei minste kommunane i Noreg var folk samla til folkemøte om kommunereforma torsdag kveld. Der fekk dei høyre professoren som kallar Kommune-Noreg for ein suksess og som åtvarar mot reforma som regjeringa har sett i gang.

Bjarne Jensen

Bjarne Jensen er professor ved Høgskulen i Hedmark. Han er svært kritisk til kommunereforma.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Bjarne Jensen er professor ved Høgskulen i Hedmark. Under folkemøtet i Stordal i Møre og Romsdal hamra han laus på kommereforma.

– Det norske samfunnet er svært vellukka. Vi ligg på topp på alle livsstandardindikatorar. Vi brukar ikkje spesielt mykje ressursar i offentleg sektor. Vi er ein suksess. Eg har lita tru på å forandre noko som er heilt grunnleggande i samfunnsstrukturen vår, seier Bjarne Jensen til NRK.

Jensen seier at vi må leite etter andre suksesskriteriar enn at Noreg skal ha dei største kommunane i Noreg, dei største universiteta i Noreg, at Noreg skal ha dei største sjukehusa i europeisk samanheng.

Det er ikkje dette som er suksesskriteria for eit norsk samfunn med få innbyggjarar og som bur spreidd, seier han.

Folkemøte i Stordal

Om lag 80 personar hadde møtt fram til folkemøte i Stordal.

Foto: Trond Vestre

Stordal kommune har så vidt over 1000 innbyggjarar og er dermed minst i Møre og Romsdal. Dei ønskjer å halde fram som i dag, men trur det er vanskeleg å unngå kommunesamanslåing. Av dei 1043 innbyggjarane møtte 80 opp torsdag kveld.

kine tøsse

Kine Tøsse sit i ungdomsrådet i Stordal.

Foto: Trond Vestre / NRK
Eva Hove

Eva Hove er arbeidarpartiet sin ordførarkandidat.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det ville nok vere best om kommunen fekk halde fram som sjølvstendig kommune. Men eg er ikkje så heilt sikker på kva som er best for framtida, seier Kine Tøsse som sit i ungdomsrådet i kommunen.

Under folkemøtet hevda nokre at valet mellom sjølvstende eller samanslåing er som å velje mellom pest og kolera. Kommunen kan misse inntekter frå staten om kommunen held fram som før. Ved ei samanslåing kan kommunen misse tilbod.

Pr. i dag ser eg ikkje argumenta som tilseier at tenestene i Stordal kjem til å bli styrka om vi går inn i ein stor kommune. Eg ser heller ikkje noko styrking av lokaldemokratiet. Samstundes ser vi at det er utvikling i samfunnet som vi må ta omsyn til, seier Eva Hove som er ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Stordal.

Fylkesplansjef i Møre og Romsdal, Ole Helge Haugen, seier at kommunane ikkje kjem utanom å vurdere samanslåing alvorleg. Dette gjeld ikkje minst småkommunar som Stordal.

Om ein ser på kriteria for kommunereforma så slit Stordal med for eksempel storleiken. Og kommunen må tenkje på alle alternativ, frå dei største til dei minste, seier Ole Helge Haugen.

Det største alternativet i området er ein kommune med der fleire noverande kommunar, inklusive Ålesund, slår seg saman. Denne kommunen vil få over 100 000 innbyggjarar.

Ein slik kommune har også sine utfordringar. Men akkurat no bør ikkje kommunane avgrense seg i forhold til storleik. Det er mykje lettare å skalle av enn å legge til i prosessen, seier Haugen.

Professor Bjarne Jensen trur ikkje at ein kjem utanom ei folkerøysting.

Slike spørsmål har alltid vore lagt fram for befolkninga for avstemming. Og det er slutt på at Stortinget overprøver folkeavstemmingar, seier Jensen.