Hopp til innhold

Bygdefolk skeptiske til asylsøkjarar

Folk i Ørskog fryktar at asylsøkarane skal stele lommebøkene deira.

Kysthus Sjøholt

Folk i Ørskog fryktar at dei som bur i asylmottaket stel

Foto: Nyhetsspiller / NRK

-Livskvaliteten for folk i Ørskog er svekka etter at asylmottaket kom, seier FrP-politikar Øystein Eide.

Kritiske til asylmotak

Øystein Eide

FrP-politikar, Øystein Eide, seier at livet ikkje er det same etter at det kom asylmottak på Sjøholt.

Foto: Ingelill Brattheim

I januar opna asylmottaket på Sjøholt, med plass til 70 personar. Kommunen følte at dei ikkje vart tekne med på råd i forkant av prosessen, medan bygdefolket var skeptiske.

Lokalpolitikar Grethe Gjerde fortel at no har folk byrja å låse dørene på dagtid. Det slapp dei før. I helga vart ho fråstelt lommeboka si utanfor butikken, medan ho lesste varene inn i bilen.

-Eg kan ikkje seie at det er asylsøkjarar som står bak, men det har vore fleire episodar den siste tida, seier ho.

Det stiller lensmann Ivar Holmeide seg undrande til. Politiet kjenner nemleg berre til eit konkret tilfelle av tjuveri, der ein asylsøkjar stod bak. Den personen er no sendt ut av landet.

I tillegg har politiet fått melding om ei sak som gjeld sjikane på internett.

-Det er beklageleg at denne gruppa skal få slike mistankar mot seg, seier Holmeide.

Bli kjend med dei

Trine Røssevold er assisterande dagleg leiar i Kysthus, og ho seier at det er synd at asylsøkjarane skal få eit dårleg rykte. No må asylmottaket jobbe for å snu dette.

-Hadde bygdefolket blitt kjend med asylsøkjarane, hadde dei sett at dette er heilt vanlege personar, som meg og deg, seier Røssevold. Asylmottaket prøver å formidle til asylsøkjarane at dei no har kome til ei lita bygd, der folk lever fredeleg og slik skal det halde fram.

-Dei fleste som kjem er takksame for at dei får tak over hovudet, medan dei ventar på søknaden. Men vi har alle typar menneske, frå høgt utdanna til analfabetar, så det er ei utfordring å få det til å fungere, seier Røssevold

Røssevold seier at dei har eit godt samarbeid med politiet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL