Hopp til innhold

Skeptisk til vindmøller: – Bygg dei utanlands

Folk i Gjemnes er svært kritiske til planane om å etablere ein vindmøllepark.

Deltagerne under folkemøtet i Gjemnes kommune om vindmøller

Deltakarane under folkemøtet var veldig skeptiske til bygging av vindturbiner i Kjerringlia i Gjemnes kommune. Ordføraren er ikkje overraska.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Selskapet Eolus Vind vil reise ti om lag 200 meter høge vindmøller i området Kjerringlia på Nordmøre, og anlegget skal kunne forsyne 5500 husstandar med straum når det er ferdig.

Alle som tok ordet under folkemøtet om vindkraft i Gjemnes i går kveld, var sterkt imot prosjektet. Helge Skår meiner at Noreg er heldige som har vasskraft, og syns ikkje at Gjemnes skal måtte ta ulempa med å få vindturbiner.

– Noreg produserer nok grøn energi, og i den tida vi ikkje produserer nok kan vi kjøpe grøn energi frå utlandet, seier Skår.

Han meiner difor at vindturbiner bør bli bygd i andre land – der kullkraftverk er vanleg.

– Vanskeleg avgjerd

Stig Jakobsen, ein av dei store næringslivsaktørane i kommunen, er òg skeptisk til vindmøllene.

– Det er sjølvsagt ei vanskeleg sak. Det handlar også om kven som skal ta kostnadane. Dette vert ei avgjerd som vl ha noko å seie for evig tid. Difor må vi tenke oss om to gonger.

Vindmøller gir to millionar årleg

Odd Steinar Bjerkeset

Ordførar Odd Steinar Bjerkeset (KrF).

Foto: Roar Halten / NRK

Ordførar Odd Steinar Bjerkeset fekk stadfesta mistankane han hadde på førehand. Deltakarane på folkemøtet drog fram at dei vil ta vare på naturen.

Han trur at det er få kommunar som er veldig positive til å få vindkraft i området sitt. Ein av fordelane ved å la Eolus Vind etablere seg er dei to millionar kronene som kommunen vil få in i eigedomsskatt.

– Om få år vil vi få ein ny kommunestruktur, og vi vil vere ein del av ei større kommune, då trur ikkje eg at dette vil vere like viktig, seier Bjerkeset.

No blir folk bedne om å kome med innspel om saka til Noregs Vassdrags- og Energidirektorat, NVE. Høyringsfristen er 15. april. Deretter vil Eolus Vind bestemme om dei skal søke konsesjon eller ei.

kjerrlinglia