Hopp til innhold

Skeptisk til ny finansieringsmodell

Teatersjef Kristian Lykkeslet Strømskag i Teatret Vårt i Molde fryktar at kulturen skal tape på regionreforma. Ei ekspertgruppe forslår at fylkeskommunen skal overta finansieringsansvaret for regionteatrene. – Vi er skeptiske fordi vi har eit system som fungerer godt, og vi ser ikkje dei kulturpolitiske grunnane for at vi skal bli finansert på regionnivå, seier Strømskag. Kulturminister Trine Skei Grande sa til NRK førre veke at regjeringa skal overføre pengar gjennom den nye kulturlova og at dei er villige til å øyremerke midlane for å sikre at dei går til kultur.

Teatersjef Kristian Strømskag
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL