NRK Meny
Normal

Skeptisk til gigantfjøs i Stordal

Bondelaget i fylket er skeptiske til planane om produksjon av storfekjøt i stor skala i Stordal kommune. Dei meiner dette bryt fullstendig med det som har vore vanleg i norsk landbruk.

Arnar Lyche

Arnar Lyche i bondelaget trur planane i Stordal er for store til å kunne lukkast.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Vad i Stordal

Slik ser den tidlegare møbelfabrikken ut.

Foto: Remi Sagen

Dei tomme fabrikklokala i Stordal kan til hausten bli gjort om til landets største fjøs, dersom Vad-familien får grønt lys. Dei planlegg å ha 1500 oksar på bås, og viser til at det er stor etterspørsmål etter storfekjøt i landet. I tillegg ønskjer dei å skape nye arbeidsplassar i bygda. Men bondelaget i fylket er ikkje like overbevist om at det er ein god ide.

– Den store flaskehalsen er gjødselproduksjonen i eit slikt fjøs, det er enorme mengder, seier organisasjonssjef Arnar Lyche i Møre og Romsdal bondelag.

Les også:

6 000 vogntoglass med gjødsel

For 1500 oksar skal naturlegvis ha mat, og deretter må dei, som andre skapningar, gjere frå seg. Det er her bondelaget ser den store utfordringa.

– Eg har rekna på det og funne ut at det vil bli produsert 18 000 tonn i året, og det vil seie omlag 6 000 vogntoglass med gjødsel, som skal fraktast og spreiast utover jorda i Stordal, seier han, og meiner det er heilt urealistisk å få til.

– Bryt fullstendig med det som har vore vanleg

Lyche seier eit slikt prosjekt bryt fullstendig med det som har vore vanleg i norsk landbruk, og seier mange bønder nok vil seie at prosjektet er prega av at det ikkje står fagfolk bak.

– For å seie det slik: eg trur det er mange bønder som stussar litt og lurer på om dette lar seg gjennomføre, seier seier Lyche.

– Kva for respons trur du Vad-familien vil få frå bøndene i fylket?

– Eg trur nok at det er ein sunn skepsis, men samstundes har bønder sansen for at folk får til ting, så det er ei blanding, seier Lyche.