Hopp til innhold

Skeptisk til å bli del av ein storkommune

Vestnes held framleis alle dører opne i arbeidet med kommunereforma, men ordførar Geir Inge Lien (Sp) er skeptisk til å bli ein del av ein storkommune der heile Nordre Sunnmøre er med.

storkommune nordre sunnmøre

Måndag er Vestnes kommune invitert til eit møte i Brattvåg der alle kommunane på Nordre Sunnmøre skal diskutere om det er mogleg å etablere ein storkommune. Lien er glad for å vere invitert, men fryktar at avstandane blir for store i ein slik storkommune.

– Vestnes kommunestyre har sagt at vi skal gjere utgreiingar både mot Sunnmøre og Romsdalen. Men eg er skeptisk til og bli ein del av ein så stor kommune som dette vil bli, seier han.

Urealistisk å gå til Ålesund

Vestnes held framleis alle dører opne, men å vere med i ein storkommune saman med Ålesund er urealistisk, trur Vestnes-ordføraren. Han meiner der vil bli eit demokratisk underskot for Vestnes å vere ein del av ei slik storkommune.

Geir Inge Lien

Ordførar i Vestnes, Geir Inge Lien, er skeptisk til å bli ei del av ein storkommune der heile Nordre Sunnmøre er med.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Personleg så trur eg det er urealistisk. Eg trur vi blir lite høyrde i politiske prosessar og i forhold til å få gjennomslag for ei god utvikling av Vestnes, seier Lien.

Men det betyr ikkje at vestnesordføraren snur ryggen til Sunnmøre. Vestnes har fleire valmoglegheiter og held framleis alle dørene opne.

For til trass for at det verkar urealistisk å vere ein del av ein storkommune heilt til Ålesund, er det framleis eit aktuelt alternativ å slå seg saman med nokre av Sunnmørskommunane som ligg nærare Vestnes.

Vestnes vil no gjere utgreiingar mot Rauma, Aukra og Misund, samt for ein storkommune i Romsdal. Men dei ynskjer også å gjere noko liknande mot Sunnmøre, seier Lien.

– På den måten kan vi gje innbyggjarane i Vestnes gode råd om kva som kan vere lurt i framtida, seier ordføraren.

  • Les også: