Hopp til innhold

Skaut seg sjølv med luftvåpen

Vart lettare skadd og tatt hand om av helsepersonell.

Politibil i Ålesund

TRAVEL NATT: Det har vore ei travel natt på jobb for politiet i Møre og Romsdal, særleg i festivalbyane Molde og Ålesund.

Foto: Terje Reite / NRK

Politiet i Ålesund måtte rykke ut då ein mann, natt til fredag, skaut seg sjølv med luftvåpen under leik. Mannen vart lettare skadd og vart tatt hand om av helsepersonell. Sunnmøre politidistrikt melder at dei oppretter ei sak på hendinga.

Fersk gjerning

Natt til fredag vart travel for politiet i fylket. I Ålesund vart to menn frå skip i sentrum, tatt på fersk gjerning då dei stal ost frå ein bod. Politiet følgde dei to om bord i båten, der dei vart framstilt for kapteinen.

Fyll

Det har også vore fleire hendingar relatert til fyll i løpet av natta. I Kristiansund avslutta politiet ein fest på Nordlandet på grunn av støy og i Molde vart to menn i tjueåra vist bort frå sentrum. Ein på grunn av krangling med vakter på ein utestad og den andre på grunn av overstadig rus. Seinare på natta returnerte den eine til sentrum og vart då meldt til politiet.

Litt før klokka 24 torsdag kveld var politiet i Molde også i kontakt med ein mann i femtiåra, då han vart vist bort frå ein utestad etter å ha krangla med vaktene. Eit par timar seinare vart ein mann i tenåra vist bort frå Molde sentrum på grunn av rus.

Gjere greie for seg

Det har vore episodar med fyll også i Ålesund. Ein overstadig rusa mann vart i tretida på natta køyrd til legevakta, då han ikkje var i stand til å gjere greie for seg. Tidlegare på kvelden vart også ein rusa mann vist bort frå sentrum etter å ha krangla med vaktene på ein utestad.

I arresten

I Ulsteinvik vart ein mann pågripen etter å ha slått og sparka etter politiet. Mannen hadde også slått sambuaren sin, og vart sett i arresten.

Ein ung mann i Ålesund vart i morgontimane fredag sett i arresten etter å ha slått til ein anna mann. Det vart ingen personskade, men hendinga vart meld til politiet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL