NRK Meny
Normal

Skaut mot mann med pil og boge

Ein mann frå Romsdal er tiltalt for vald og drapstruslar mot ein annan mann og politiet.

Romsdal tingrett

Ein mann er tiltalt for grov vald og drapstruslar mot ein annan mann og politiet.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Det går fram av ein tiltale frå Romsdal tingrett.

Det var tidlegare i haust at mannen i slutten av 30-åra skal ha skote med pil og boge mot ein annan mann slik at han fekk sårskadar i nakke og hovudet. Den tiltalte skal så ha tatt kvelartak, sparka og slått mannen med ei golfkølle.

Han skal også ha heldt ei øks mot halsen og pressa ein kniv inn i brystet på han, samtidig som han kom med fleire drapstruslar mot mannen.

Romsdalingen er også tiltalt for vald og alvorlege truslar mot politiet då han blei arrestert som følgje av denne episoden.

Vald mot politiet

Mannen er også tiltalt for vald mot politiet i samband med ein arrestasjon i sommar. Mannen skal mellom anna ha prøvd å sparke, slå og klore politibetjentane ved fleire anledningar.

Mannen i 30-åra skal også ha spytta på ein av politibetjentane og kome med drapstruslar mot politiet og familiane deira.

Romsdalingen står også tiltalt for å ulovleg ha oppbevart narkotika i leilegheita si.

Saka skal opp i Romsdal tingrett neste veke.