Framleis varetekt for vold, ran og truslar
Ein mann i 40-åra og ein mann i 20-åra som er dømt til fengsel i henholdsvis tre år og fire månader og tre år og to månader for grov vold, ran og truslar mot ei kvinne, må sitte i varetekt i fire nye veker. Det har Møre og Romsdal tingrett bestemt.
Saman med ein anna mann stripsa dei fast ei kvinne, skaut på henne med gasspistol, heldt ein kniv mot strupen hennar og trua henne på livet på Nordmøre tidlegare i år.
Grunnen skal vere at dei ville ha tak i bankkort, kontantar og ti gram heroin.
Dei to mennene har anka saka til Høgsterett. Retten meiner det er sannsynleg at dei vil gjere nye alvorlege lovbrot viss dei blir sleppt fri. Varetektsfengslinga er derfor forlenga til 31. oktober.