NRK Meny
Normal

Skaut fyrverkeri frå bil

Det har vore fleire småbrannar ulike stadar på Nordmøre og i Romsdal natt til torsdag.

Brannbil illustrasjon

Illustrasjon: Brannvesenet på Nordmøre og i Romsdal måtte sløkke fleire brannar natt til torsdag.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

Seint onsdag kveld måtte brannvesenet i Frei rykke ut då det byrja å brenne i eit tre.

– Nokon hadde skote fyrverkeri frå ein bil, og dette hamna i eit tre som byrja å brenne, opplyser operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Brannvesenet kom raskt på staden og fekk sløkt brannen utan store problem.

Det er på dette tidspunktet uklart kven som står bak oppskytinga.

Grasbrann

På Vågstranda i Rauma kommune førte uvettig fyrverkeribruk til ein grasbrann.

Grunneigar greidde sjølv å sløkke brannen.

Like før klokka 03.00 fekk brannvesenet melding om ein brann i ein søppeldunk på Dale i Kristiansund.

Ifølgje politiet er det så langt uklart kva som starta brannen.

Brannen vart sløkt av brannvesenet.

Politiet vektlegg at det ikkje er lov å skyte opp fyrverkeri før nyttårsaftan klokka 18.00. Ulovleg oppskyting kan bli straffa med bøter. I tillegg kan ein bli meldt til politiet for forholda.