Skaut fire gauper på to dagar

Det blei skote fire gauper på to dagar i Fræna før helga, skriv Rbnett (bak betalingsmur). To av gaupene var vaksne ho-dyr, medan dei to andre skal vere årsungar. Gaupene skal ha blitt felte i eit avgrensa område, og rovviltkontakt Dag Ringstad seier til avisa at det er spesielt. Det er no fri gaupejakt i Romsdal.