Hopp til innhold

Skaut 4 hjortar på 19 sekund — må møte i retten

Ei haustdag for to år sidan skaut han fire hjortar på nitten sekund. Men glede blei snudd til fortviling. No er han sikta for brot på viltlova, og må møte i retten i juni.

Hjort

Illustrasjonsfoto.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Jegeren var med på eit jaktlag saman med to andre. Han sat på utkikspost, og brått skjedde det: Sju hjortar kom ruslande forbi. Jegeren handla raskt. I løpet av nitten sekund skaut han fire av hjortane.

- Dette virkar overdrive og eg forstår ikkje grunnen til at dette blir ei rettsak, seier advokaten som forsvarar jegeren, Stig Rekdal.

Nesten 11 000 hjortar felte

Sjå video frå jakta (Adresseavisen)

- Forsvarleg

Advokat Stig Rekdal seier at nordmøringen er ein erfaren jeger. Han meiner det ikkje skjedde noko uforsvarleg under jakta.

- Som hjortejeger har han oppført seg på ein heilt forsvarleg måte, seier Rekdal. Han hadde dyra på kort hald. Dyra var i ro. Han er ein rutinert og erfaren skyttar. Alle dyra blei felt på ein fullt ut forsvarleg måte, seier han.

– Det er svake hjorter som dør

Se opp for hjortelusflua

- Bort på viltlova

Men politiet meiner at denne jakta utsette dyra for fare for unødige lidingar. Ein video, som er bevis i saka, skal vise at dei første hjortane framleis sto oppreist då jegeren skaut dei andre. Politiet meiner dermed at jegeren ikkje hadde kontroll på situasjonen, og ikkje hadde det klart for seg om dyra var avliva på ein rett måte.

Politiet gav nordmøringen åtte tusen kroner i bot for å ha brote viltlova. Men han vil ikkje betale, og dermed må han svare for seg når saka kjem opp i Nordmøre tingrett.

- Det er uforståeleg at politiet har lagt til grunn at jegeren har oppført seg uforsvarleg. Dette kan ikkje han, som ein erfaren hjortejeger, vedgå, seier advokat Stig Rekdal.

- Me skyt for lite hjort i fylket

Skaut rekordmykje hjort

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL