Hopp til innhold

Skarpt brev til Helse Midt-Noreg

Kommunestyret i nye Ålesund kommune stiller seg ifølgje Sunnmørsposten bak eit nytt brev til Helse Midt-Noreg der det blir hevda at Helse Møre og Romsdal blir nedprioritert i forhold til St.Olavs hospital.

Brevet inneheld ei sterk uro over økonomien til Helse Møre og Romsdal, og det blir teke til orde for å investere i både moderne diagnostiseringsutstyr for kreftsjukdomar og utstyr for behandling av alvorlege hjarteinfarkt (PET og PCI).

I brevet blir det hevda at det ikkje kan vere grunnlag for at St.Olavs hospital skal få 4 milliardar kroner meir i overføringar enn det Helse Møre og Romsdal får.

I brevet blir det også vist til at St.Olavs hospital får 550 millionar kroner i særfinansiering av regionale funksjonar. Ålesund kommune ønskjer ei utgreiing av korleis bruken av desse pengane også kjem pasientar frå Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal til gode.

Ålesund rådhus
Foto: Haavard Jangaard Strand