NRK Meny

Skapte problem for vaktene

Både i Kristiansund, Molde og Volda har utegjestar skapt vanskar for vaktene i natt. I Kristiansund blei to menn i 30-åra bortviste for uakseptabel oppførsel. Bortvist blei også ein mann i 50-åra i Molde, etter at han skal ha slått til ei vakt i brystet. Og i Volda ba vaktene politiet ta hand om ein vanskeleg gjest.