Skanska fekk kontrakt

Entreprenørkonsernet Skanska har fått kontrakten på bygginga av Nordøyvegen. Kontrakten blei signert i dag - og verdien er på 2,9 milliardar kroner.

Statens vegvesen gjennomfører utbygginga på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Her er Steinar Myhre, konserndirektør for anleggsverksemd i Skanska Norge, og Berit Brendskag Lied, regionveisjef i Statens vegvesen Region midt under signeringa i dag.

Nordøyveg signering
Foto: Statens vegvesen