Hopp til innhold

Henrik Krogstad (16) blei skandinavisk meister i formel 7

Han er yngste sjåføren som køyrer asfaltracing formel 7 i Skandinavia for tida. I går blei han skandinavisk meister.

Henrik Krogstad skandinavisk meister

Henrik Krogstad (16) øvst på pallen i Danmark i går.

Foto: Juris Purpiss

Henrik Krogstad frå Langevåg i Sula blei ikkje berre best i Skandinavia. Han slo også banerekorden på Jyllandsringen i Danmark der dei to siste løpa i meisterskapen gjekk i helga, og for to veker sidan blei han noregsmeister.

Stolt

Vi gratulerer Henrik på telefonen på veg heim i bubilen. Han er ny-vakna og litt fåmælt.
– Takk, det kjennest bra, seier han beskjedent, men vedgår at han er litt stolt i dag.

Pappa, Torgeir Krogstad, er ikkje mindre stolt.
– Stemninga er veldig god, men det har vel ikkje gått heilt opp for oss enno. Vi får sjå om det blir feiring når vi har kome oss heim og fått summa oss litt.

Heng høgt

Torgeir Krogstad er både mekanikar, trenar og sponsor for sonen. Han fortel at dette er det teamet har jobba for heile sesongen. Sjølv om sporten kostar mykje, både av innsats, tid og pengar, er det fantastisk å nå eit slikt mål den første heile sesongen Henrik køyrer formel 7.

Henrik krogstad blir TV-intervjua

Henrik Krogstad blir intervjua av dansk fjernsyn etter sigeren.

Foto: Privat

I Danmark er motorsport mykje meir populært enn i Noreg. Då Henrik køyrde inn til siger i går hadde han mellom 15.000 og 20.000 tilskodarar.

Rask bil

Formel 7-bilen er nesten som ein gokart, berre større, tyngre og med mykje kraftigare motor. Dei rundt 200 hestekreftene får bilen opp i over 200 kilometer i timen fleire gongar i løpet av dei 2,2 kilometer lange rundane på Jyllandsringen. Henrik sette rekord med ei rundetid på så vidt under 13 sekund i helga. Det er nokre hundredelar raskare enn den gamle banerekorden.

Tilbake til skulebenken

No er sesongen slutt for i år og Henrik må tilbake til Borgund vidaregåande skule og ta igjen for fråværet. Det blir nokre dagar borte frå skulen i løpet av ein sesong når ein må reise langt berre for å kunne trene på bane.

Det er ingen baner i nærleiken for så raske bilar, så Henrik og faren brukar å reise til Vålerbanen på Austlandet for å trene. Elles blir det gokartkøyring på bana i Ålesund og simulatorkøyring heime i Langevåg.