Hopp til innhold

Skamplett snudd til suksess

Bebuarane tok ansvar saman med kommunen og pussa opp ei heil bustadblokk.

Inventar i Dalegata 52 i Kristiansund
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Bebuarane i Dalegata 52 kan no vere stolte av bustaden sin. Sjå video over.

- Som å komme til himmelen

Kjell Larsen

Ein stolt Kjell Larsen viser oss frå rom til rom i leiligheita si.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kjell Larsen er ein av dei som no meiner å ha fått ein ny heim. Til forskjell frå før er det - som å komme til himmelen å få bu i blokka, seier han.

Larsen viser stolt fram det eine rommet etter det andre der alt er oppussa og framstår som nytt.

Verstingbygg

Dalegata 52 i Kristiansund

Dalegata 52 - 'Som å komme til himmelen'

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det som var verstingbygget og ein skamplett for Kristiansund står no fram som eit framifrå døme på korleis ting kan forandrast når bebuarane sjølve tek tak.

På 18 månader har bustadblokka Dalegata 52 blitt forandra frå ei rønne til ein framifrå bustad for dei 18 personane som bur der.

Breidt samarbeid

Eit samarbeid mellom kommunen og husbanken la grunnlaget for gjenreisinga. Men det er samarbeidet med bebuarane sjølve som har gjort det store utslaget.

Svein Arve Sivertsen

Prosjektleiar Svein Arve Sivertsen: Viktig å bli sett og høyrt!

Foto: Eirik Haukenes / NRK

- Hovedintensjonen var at brukarane faktisk skal bli sett og ikkje minst bli høyrt, seier prosjektleiar i kommunen, Svein Arve Sivertsen.

Ved å vere med i prosessen har bebuarane fått eit forhold til bygget og eit uttrykt ønske om å halde bygget ved like.

Det er eitt år sidan dei første leiligheitene stod ferdige, og så langt ser alt lovande ut.

- Det er ufattelig gledelig for oss alle å sjå at alle er interessert i og villig til å ta ansvar for at dette skal vere ein god plass å bu, seier Sivertsen.