- Aldri har vel ei gravferd vore fylt med så stor glede, humra ordførar Jan Petter Hammerø då bomstasjonen blei lagt ned.
Rask nedbetaling
Sambandet er nedbetalt etter 14 år, og det er seks år kortare nedbetalingstid enn planlagt. No må kommunen planlegge korleis utviklinga på Bolsøya og Skålahalvøya skal vere, seier ordførar Jan Petter Hammerø.
Fannefjordtunnelen i vinterdrakt. Foto: NRK.
Kjempedag
- Dette er ei kjempedag, seier Hammerø. Dagen er stor for dei som reiser til og frå Molde, og ikkje minst for dei som bur på Bolsøya og på Skålahalvøya.
-Prosjektet hadde fire års planlegging, to års anleggsarbeid og fjorten års nedbetaling, fortel styreleiar Rolf Myhre. Etter det som blei sagt i Stortingsmeldinga om sambandet, er vi seks år tidlegare ute med nedbetaling enn det som var planlagt, seier han.