Må betale tilbake
Det inneber at kommunen må betale tilbake omlag 4,4 millionar kroner i innbetalt eigedomsskatt, skriv Romsdals Budstikke.
Bakgrunnen for saka var at dei 250 grunneiegarane gjekk til sak etter eit vedtak i Molde kommunestyre om å skrive ut eigedomskatt på Skåla. I tingretten tapte grunneigarane saka, men har no vunne fram i lagmannsretten.
Ikkje byprega
Frostating lagmannsrett meiner at området verken er byprega eller ein forstad til Molde. Avstanden er for stor til Molde sentrum, meiner retten.
"Tvert imot framstår området på Skålahalvøya som utpreget landlig", står det i den samrøystes dommen.
Det er ikkje klart om kommunen ankar domen.