Hopp til innhold

Skal vere uskadde

Dei to som har gått seg skårfast i fjellet Dalegubben i Ørsta, skal ikkje vere skadde, seier redningsleiar Siv Namork ved Hovudredningssentralen. – Dei kjem seg verken opp eller ned, og ventar no roleg på at redningshelikopteret frå Florø skal kome fram og løfte dei ut, seier Namork. Dersom det ikkje skulle lukkast å få dei løfta ut av staden med helikopter, har Sunnmøre Alpine Redningsgruppe gjort seg klare til å hente ned dei to.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL