Hopp til innhold

Skal varsle 11000 med sirene og 7000 på telefon

I dag går alarmen i fire sunnmørskommunar. Då skal beredskapen for det som kan bli noregshistorias største naturkatastrofe testast.

Åknes

NØDVENDIGE VED RAS: Sirenene og varslingssystema som i dag skal testast skal i framtida varsle folk om eit eventuelt fjellskred frå mellom anna det rasutsette fjellpartiet Åknes, som ein ser på dette biletet. Systema skal testast for at ÅTB skal kunne finne ut om alt fungerer som det skal, men også for å kunne gi folk i området ein realistisk kjennskap til korleis ting vil fungere om det skulle skje ei faktisk hending.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Åknes/Tafjord Beredskap (ÅTB) skal gjennomføre ein større test i Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog – kommunar som i framtida kan bli råka av fjellskred frå blant anna det ustabile fjellpartiet Åknes.

Om dette skulle rase, vil 54 millionar kubikkmeter med fjellmasse rase ned i Storfjorden i Stranda kommune. Det er 300 gongar større enn fjellpartiet som skaper uro i Romsdalen. Det mest ustabile partiet i fjellet Mannen er til samanlikning berre 180 000 kubikkmeter.

Når testen startar klokka 15 vil innbyggjarane og dei som oppheld seg i området høyre sirenelyden og deretter ein person som tydleg seier ifrå over varslingsanlegget at dette berre er ein test.

– Beskjeden vil kome på engelsk, tysk og norsk, slik at også turistar skal bli informert, seier beredskapskoordinator Hilde Brandshaug Vikås.

Stordal, Norddal, Ørskog og Stranda

Vil varsle rundt 7000 på telefon

I Stranda og Norddal vil i tillegg dei som har ein telefon registrert i ein av kommunane eller folk som skulle opphalde seg i området, få varsel på telefon gjennom ei tekstmelding eller oppringing.

Gjennomreisande vil få ei tekstmelding, medan dei som er registrert busett i kommunane vil både få tekstmelding og bli ringt opp. Dette er nyttig for å få ut nødvendig informasjon, meiner Brandshaug Vikås.

– Men ingen skal føreta seg noko, dette er berre ein test, legg ho til.

Brandshaug trur at det vil bli greitt for folk å få ein realistisk kjennskap til korleis dei vil bli kontakta om det skulle skje ei faktisk hending.

– Og det gjeld ungane også. Så lenge ein pratar med dei om kva som vil skje under testen, så trur eg dei vil handtere dette bra, seier Brandshaug.

Om det skulle skje ei faktisk hending, kva skal folk gjere?

– Dei vil få god informasjon om kva dei skal gjere på telefon eller gjennom sireneanlegget. Der får dei beskjed om å kanskje evakuere om det skulle verte så kritisk, fortel Brandshaug.

For å unngå «Bølgen»-scenarioet

Varslingssystema som i dag skal testast er som nemnt nødvendige for å kunne varsle folk og innbyggjarar som i framtida kan bli råka av fjellskred frå mellom anna det ustabile fjellpartiet Åknes.

Filminnspilling Geiranger

KATASTROFE-FILMEN: Kristoffer Joner spelte geologen Kristian Eikjord i katastrofefilmen «Bølgen». Her frå innspeling i Geiranger i 2014.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Katastrofefilmen «Bølgen», som fleire kjenner til, handlar nettopp om eit skred frå Åkneset som skapar ei monsterbølgje i bygdene rundt Storfjorden.

Ekspertane som overvakar fjellet meiner at filmen har både realistiske og urealistiske sider, men fortel at ein vil sjå auka bevegelsar lang tid i førevegen og at folk sjølvsagt vil bli varsla i god tid før eit eventuelt ras.

Difor er det heilt vesentleg at varslingssystema som i dag skal testast fungerer som dei skal.