Hopp til innhold

Skal unngå trafikkaos under Sommerfesten

I fjor blei det fullstendig kaos. Då Marcus & Martinus skulle opptre på Sommerfesten på Giske sto bilane som sild i tønne, i gatene i Ålesund, gjennom tunnelane og ut på Valderøya.

Kø Ålesund

Slik såg det ut i Ålesund bys gater då Marcus og Martinus skulle opptre på Giske.

Foto: Anita Jacobsen Marø

Timane blei lange for dei mange som venta på Marcus & Martinus på Giske for om lag eitt år sidan. Då inngangen til konsertområdet opna klokka 11.00 om formiddagen sto det allereie mange i kø utanfor. Den populære duoen skulle gå på scena klokka 14.00. Men då sto bilane i milelange køar i heile ålesundsområdet. Først ein time seinare gjekk Marcus og Martinus på scena, til stor jubel for dei frammøtte.

Marcus & Martinus på Sommerfesten 2016

Marcus & Martinus skapte stor stemning på Sommerfesten på Giske i fjor.

Foto: Frode Berg / NRK

Politiet vil ikkje ha ei gjentaking av denne situasjonen. No innfører dei ei streng regulering av trafikken på Valderøya.

– Privatbilar får ikkje høve til å svinge til venstre mot Ytterland når dei kjem ut av tunnelen på Valderøya. Alle blir dirigert vidare og må køyre via Gjøsund og vidare rundt øya til Ytterland om dei skal til Sommerfesten på Giske, seier Giske-lensmann Hans-Eirik Pettersen.

Samtidig med Sommerfesten på Giske skal det vere fem turistskip i Ålesund med til saman 9000 turistar.

Sommerfesten

Det er rett og slett erfaringane frå tidlegare sommarfestar, ikkje minst i fjor då det blei fullstendig kaos, at politiet no skjerpar reguleringa av trafikken.

– Vi vil for ein kvar pris unngå at det dannar seg køar nede i tunnelane. Samtidig er dette eit førebyggjande tiltak, i og med at dette krysset er sterkt belasta med ulukker, seier Pettersen.

Kø Valderøytunnelen

Dette vil politiet for all del unngå. I fjor sto køane også nede i tunnelane.

Foto: Hallstein Vemøy / NRK

Politiet opplyser at trafikkreguleringane er planlagde i samråd med arrangøren av festivalen.

– Det er mange som skal på Sommerfesten. Men det er også mange som skal rekke fly, besøkje turistattraksjonar eller har andre ærend i området. Vi bed om forståing for tiltaka og vonar alle får flotte opplevingar, seier lensmann Hans-Eirik Pettersen.

Sommerfesten 2016

Det var stor stas under Sommerfesten på Giske også i 2016.

Foto: Frode Berg / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL