NRK Meny
Normal

Skal trene på å handtere vaksne som mobbar barn

Rundt 9000 barn rundt om i landet seier at dei vert mobba av vaksne i skulen fleire gongar i månaden. No skal tilsette i pedagogisk psykologisk teneste trene på å takle slike situasjonar.

Trond Hansen Riise

Trond Hansen Riise i fylket sitt beredskapsteam for mobbing skal saman med 50 fagpersonar trene på korleis dei skal handtere lærarar som mobbar elevar.

Foto: Torild Øvrelid / nrk

Når elevar vert mobba i skulen, dreiar det seg ofte om sarkasme frå den vaksne. Barnet kan føle seg latterleggjort og såra.

Tysdag er fagpersonar samla i Ålesund for å sette fokus på temaet. Trond Hansen Riise i fylket sitt beredskapsteam mot mobbing, seier at det er forska lite på lærarar som mobbar barn, men at dei møter slike saker med jamne mellomrom.

– Det er både vanskeleg for eleven som opplever mobbing, men også for kollegaene av læraren og leiinga som må vite korleis dei skal handtere dette, seier Riise.

Mister makta

På skulen skal dei vaksne beskytte elevane, og då tenkjer ein ofte at dei skal vernast mot mobbing frå medelevar. I saker der det er læraren som mobbar, viser det seg ofte at vaksenautoriteten er utfordra, trur Riise.

– Ein vaksen som skal leie ei klasse må stå fram som myndig, varm og tydeleg, i tillegg til at ein kan faget sitt. Dersom det glipp der, og den vaksne taper autoritet, kan det hende at ein klemmer til litt for hardt for å gjenopprette balansen, trur Riise.

I dei fleste tilfella handlar det om språkbruk med verbale krenkingar

Trenar på situasjonen

I dei neste to dagane skal 50 fagpersonar i Ålesund trene på å handtere slike situasjonar.

– Vi diskuterer og prøver å utvikle ein praktisk kunnskap. Det handlar mykje om å rettleie rektorane, for å førebygge at det skjer, seier Riise.