Hopp til innhold

– Eg skal stole meir på meg sjølv

Sebastian Foss Solevåg blir sett på som det sterkaste norske kortet under helgas slalåmrenn i finske Levi. I årets sesong skal 25-åringen frå Ålesund prøve å stole meir på seg sjølv.

Solevåg

Her er Sebastian Solevåg Foss under sesongavslutninga i St. Moritz. Då køyrde han inn til ein knallsterk tredjeplass. I år håper han å kunne gjere det enno betre enn i fjor.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

Denne helga held verdscupen i alpint fram i finske Levi, etter at sesongen starta med storslalåm i Sölden for snart tre veker sidan.

I og med at Henrik Kristoffersen ikkje stiller i sesongens største slalåmrenn, minkar det dei norske vinnarsjansane, men det betyr også at Sebastian Foss Solevåg frå Ålesund rykker opp som det beste norske kortet på herresida.

– Det er ganske kult. Men eg meiner at vi har eit bra lag med mange sterke alpinistar. Så det blir spennande å sjå kor folk ligg an under rennet i Levi, seier han.

Siktar mot pallplassar

Foss Solevåg avslutta førre sesong på topp med ein knallsterk 3.-plass i sesongavslutninga i St. Moritz.

Sebastian Johan Foss Solevåg

25-åringen frå Ålesund debuterte i verdscupen i 2012 og har gjort det svært bra dei siste åra.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Eg håper at eg fortset på same måte som eg avslutta. Treninga har eigentleg gått bra gjennom heile oppkøyringssesongen, så det blir spennande å kome i gang og få eit peikepinn på kor eg ligg an, seier han.

Og Foss Solevåg har klare ambisjonar for denne sesongen.

– Eg har tidlegare vist at eg er god for pallplassar, og no ønskjer eg å stabilisere meg i toppen, seier han.

– Kva hadde det betydd for deg å få ein verdscupsiger?

– Det hadde vore veldig kult. Det er eit av måla, og noko av det største ein kan gjere, så det hadde sjølvsagt betydd mykje, seier Foss Solevåg.

Skal stole meir på seg sjølv

25-åringen frå Ålesund debuterte i verdscupen i 2012, og seier han har lært mykje dei siste åra.

Sebastian Foss Solevåg

Sebastian Solevåg Foss siktar mot pallplassering i årets sesong.

Foto: Emil Gukild / NRK

– Eg føler at eg blir smartare, betre og meir rutinert for kvart år som går. Eg skjønner kva som fungerer og kan bygge vidare på det.

Fjorårets sesong var prega av både oppturar og nedturar, og Solevåg Foss seier han skal prøve å stole litt meir på seg sjølv denne sesongen.

– Eg må prøve å tenke at det normale er bra nok. I nokre renn har eg prøvd litt for hardt, og det har enten ført til ei utforkøyring eller ein feil. I år skal eg difor stole på at det eg gjer er bra nok, seier han.