Hopp til innhold

Her skal dei ligge ute i natt

Over heile landet arrangerer Friluftsråda natt i naturen. I Fræna får dei som treng det, hjelp til å slå opp telt.

Ligg i telt på arrangementet Natt i naturen i Fræna

Fleire familiar har møtt opp ved Langvatnet for å overnatte. Dette er startskotet på Friluftslivets veke.

Foto: Marte Melbø

– Kvifor sove inne når du kan sove ute, seier Marte Melbø i Nordmøre og Romsdal friluftsråd. Dei har invitert alle interesserte til felles teltleir ved Langvatnet i Fræna laurdag kveld. No er fleire familiar i gang med å slå leir. Nokre skal sove i telt, andre har med hengekøyer.

Overnattinga er starten på Friluftslivets veke, som føregår i heile landet. Melbø håper at dei som ikkje har prøvd å sove ute før, får ei ny oppleving.

– Det å sove ute er heilt spesielt, med frisk luft og lydane du høyrer, seier Melbø. Ho meiner at det ikkje treng å vere så komplisert. Det går an å berre ta med madrasse og dyne ut på verandaen. Sjølv har ho ei dotter som søv ute i april og mai.

Varme klede

For dei som vil delta på teltleiren, er det mogleg å låne lavvo og telt frå Friluftsrådet. Andre som har eigne telt, men ikkje er vande med å bruke det, får kyndig hjelp.

– Det kan vere litt vanskeleg å kome i gang med teltsoving dersom ein ikkje har gjort det før. Det er ei rekkje småting som må på plass, slik som å pakke nok varme klede, seier Melbø.

Kristian og Runar Hvalryg

Kristian og Runar Hvalryg er i gang med å sette opp teltet.

Foto: Marte Melbø

Trur det blir sein kveld

Runar Hvalryg er ein rutinert friluftsmann, som ikkje har problem med teltet sitt. Han har fått med seg sonen Kristian (12) på arrangementet. Kristian gler seg, men er samstundes litt spent.

– Eg har drive med jakt og fiske i mange år og hadde så lyst at han skulle bli med. Her er fleire andre barn, så eg reknar med at det blir liv og røre langt utover kvelden, seier Hvalryg. Han reknar likevel med at det blir litt søvn i teltet. Søndag er det nemleg kajakkpadling som står på programmet.

– Det er fint å bruke naturen i nærmiljøet. Ein treng ikkje reise så langt for å få gode opplevingar og kome bort frå tv, hus og heim, seier Hvalryg.