Hopp til innhold

Skal sjå på sikringsarbeidet

Torsdag skal entreprenørar sjå på sikringsarbeidet som skal utførast i fjellet bak blokk nummer 33 i Fjelltunvegen i Ålesund.

Rasulykken i Ålesund
Foto: Ekornesvaag, Svein / SCANPIX

Dette er naboblokka til den som raste saman natt til 26. mars og dei som bur i dei åtte leilegheitene i blokka må rekne med at det kan gå eit par månader til før dei kan flytte heim.

Usikkerheit

Storskadekonsulent i IF, Eivind Syversen, seier at dei evakuerte likevel ikkje er utålmodige:

- Eg trur dei fleste har funne ein grei, midlertidig bustad og at dei ikkje har så lyst til å flytte tilbake til leilighetene sine i og med at det er ei viss usikkerheit knytta til det med sikring av fjellet bak og at vi no snart skal setje i gang rivingsprosessen av nummer 31.

Vil ta tid

Også i dei som bur i Fjelltunveien 29 er framleis evakuerte. Geologane vil fjerne to steinblokker bak denne blokka og bygget manglar også rømingsveg. Arbeidet med å teikne eit trappesystem for å sikre at bebuarane har to rømingsvegar slik lova krev er no i gang.

Dette må byggebehandlast i kommunen, og kan ta tid.
Torsdag vert entreprenørar invitert til Fjelltunveien for å sjå på sikringsarbeidet som skal gjerast.

- Då vil det kanskje bli ein anbodsrunde slik at vi får innhenta prisar og kome i gang så fort som mulig med arbeidet, seier Syversen.

- Akkurat kven som skal finansiere desse tiltaka er ikkje hundre prosent spikra enda så det er framleis eit ope spørsmål.