Hopp til innhold

Skal sjå på rutinane etter at folk ikkje fekk avisa

Transportselskapet Kvikkas i Ålesund meiner dei får urettmessig mykje kritikk etter at mange abonnentar ikkje fekk avisa laurdag.

Stig Kleive, daglig leder i Kvikkas

Transportselskapet Kvikkas jobbar med å hente inn meir presise adresser til datasystema sine.

Foto: Remi Sagen / NRK

Denne helga var første gang Kvikkas skulle distribuere laurdagsavisene etter at dei vann anbodet i konkurranse med Posten tidlegare i år. Kvikkas har no ansvaret for å levere rundt 79.000 aviser i grisgrendte strøk, noko som er mellom 10 og 15 prosent av alle laurdagsavisene på landsbasis.

Selskapet har fått kritikk etter at mange abonnentar ikkje fekk avisa si laurdag. Redaktøren i Møre-Nytt, Rune Sæbønes, måtte sjølv ut med båt og levere avisa til nokre av abonnentane.

– For oss er lesarane dei viktigaste og dei skal ha avisa. Når det vert ein så omfattande glipp som på laurdag, måtte vi berre finne ei løysing. Vi må ha på plass ting til neste laurdag, for dette er ein situasjon vi ikkje kan leve med så lenge, seier Sæbønes.

Meiner det gjekk bra

Trass i kritikken frå dei som ikkje fekk avis, meiner dagleg leiar i Kvikkas, Stig Kleive, at deira første helg har gått relativt bra.

– Det har skjedd ei omlegging i ein heil bransje, noko som Kvikkas har vore ein del av. Vi har fått både gode og dårlege tilbakemeldingar, men totalt sett synest eg det har gått forholdsvis bra. Så er det sjølvsagt trist at ikkje alle har fått avisene sine, og då er det viktig at vi får tilbakemelding på det, seier han.

– Fleire årsaker

Kleive meiner det er fleire grunnar til at ikkje alle fekk avisene som planlagt på laurdag, men at det ikkje berre er Kvikkas si skuld at ikkje alt har gjekk som det skulle.

– Dette er eit puslespel med mange aktørar. Dette er ein stor logistikkoperasjon som involverer avisene, distribusjonsselskapa til avisene og oss, seier han.

Kleive seier problema delvis skuldast feil i adresselistene dei skal bruke.

Stig Kleive, daglig leder i Kvikkas

Stig Kleive seier dei no skal sjå kva dei kan gjere for å bli betre.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Målet vårt er å levere rett tal aviser til rett tid og stad. Difor er det også svært viktig at adressene som avisene har stemmer. Det fungerte kanskje fint med ein driven postmann som er godt kjent, men ikkje for nokon som ikkje er like lokalkjend, seier han.

Kvikkas skal no møte avisene og dataleverandørane for å finne ut kva som kan gjerast for å unngå liknande problem i framtida.

– Her er det mange aktørar som må spele på lag, og så skal vi sjølvsagt gjere det vi må for å bli betre, og så skal vi også påpeike det andre må bli betre på, seier Kleive.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL