Skal sikre armatur i Nordsjøen
Marvin Nerland frå Fiskå i Vanylven har fått patent på ein plugg som skal brukast til å feste og sikre lysarmatur på riggar i Nordsjøen.
No skal alle lysa på riggen Sleipnir Heerema sikrast med pluggar frå Highlight Secure, som er firmaet til Nerland.
På sokkelen skal all armatur i høgda og over rømningsvegar sikrast. Til no har det ikkje vore einsarta løysingar for dette.
Pluggane kan også brukast andre stader, for eksempel i tunnelar, melder Highlight Secure i ei pressemelding.