NRK Meny
Normal

Tekne ut til VM i Amsterdam

Martin Helseth og Tale Fiskerstrand Gjørtz frå Ålesund Roklubb er tekne ut til årets senior-VM i roing i Amsterdam.

Martin Helseth

Helseth skal stille i herreklassen i Dobbeltfirer. Det blir eit bra springbrett ut i komande år, ifølgje han sjølv.

Foto: Arve Helseth

På uttakslista til VM er Fiskerstrand Gjørtz tatt ut til Singlesculler for kvinner, imens Helseth skal stille i herreklassen i Dobbeltfirer saman med Aleksander Bertsen (Ormsund Roklubb) Joakim Bøhn (Kristiansand Roklubb) og Bjørn Jostein Singstad (Horten Roklubb).

Plassen til Fiskerstrand er enno ikkje befesta hundre prosent, då ho ikkje har stilt i world cupene i år på grunn av sjukdom. Sjøl om ho allereie står på uttakslista må ho altså kvalifisere seg til VM komande torsdag.

Stor sjanse

Helseth seier han blei overraska over å verte teke ut, at forma har kome gradvis og at det i byrjinga av sesongen ikkje var senior-VM som var målet, men U23-VM. Foreldra hadde allereie bestilt billettar, men slik skulle det altås ikkje gå.

Tale Fiskerstrand Gjørtz

Tale Fiskarstrand Gjørtz skal stille i Singlesculler for kvinner under årets ro-VM i Amsterdam.

Foto: Esther Verburg / Norges Roforbund

– Det blir veldig spennande. Det er ei stor oppgåve, seier Helseth om uttakinga. Han ser på VM som starten på noko nytt, ein stad han kan sanke erfaringar og måle seg mot dei beste og få eit utgangspunkt for komande år.

«Ung båt»

21-åringen seier sjølv det er ein "ung båt" han er del av, yngstemann er 20 og eldstemann 29, men det hindrar dei ikkje i å legge lista høgt mot det komande VM-et.

– Vi prøver å gå for topp tolv, ein semifinale. Det er ikkje so mange sekund som skal til før vi verkeleg kan nå langt, men for no er det det vi har som mål.