Skal møte kommunalministeren
I formiddag skal ordføraren og leiinga i Ålesund kommune møte kommunalministeren i Oslo. Temaet blir dekninga av kostnadene når Ålesund og Haram skal skilje lag.
Ifølgje Ålesund kommune vil dette koste 237 millionar kroner. Men regjeringa har berre sett av 200 millionar kroner. Dette skal dekke delinga av tre storfylke pluss Ålesund.
Formannskapet i Ålesund har bedd Stortinget om å stoppe kommunedelinga om dei ikkje får dekt alle kostnadane knytt til delinga.
Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, seier det er avgjerande for dei å få vite kor mykje dei får dekt.
– Regjeringa sitt svar må kome no, seier Aurdal.