For laurdag 3. august blir det populære motbakkeløpet Saudehornet rett opp arrangert. Og det er nettopp i retning Saudehornet den då 25 år gamle Maja Herner skal ha gått då ho vart meldt sakna 21. november i fjor.
Ørsta-ordførar Stein Aam.
Foto: Remi Sagen / NRK– Leiteaksjonen bør setjast i gang lenge før Saudehornet rett opp. Den burde ha vore sett i gang no, meiner Ørsta-ordførar Stein Aam.
Fire dagar etter at Herner vart meldt sakna avslutta politiet det som var ein storstilt leiteaksjon der fleire hundre personar hadde vore involvert.
Dei rekna då med at det ikkje var mogleg å finne Herner i live.
– For mykje snø
Seinare vart det sett i gang nokre mindre søk, mellom anna med drone og med hundar.
Slik såg det ut på Saudehornet i slutten av januar.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKMen snøen kom og det vart verre og verre å gjennomføre søk.
Etter 10. januar har det ikkje blitt gjort nye søk.
Politiet rekna med å kome i gang igjen til våren eller tidleg på sommaren, men uventa mengder snø seint på året har sett leitearbeidet på vent fleire gonger.
– Vi ventar på at snøforholda skal bli identiske slik dei var då ho forsvann. Framleis ligg det for mykje snø i fjellet. Men planane for leitearbeidet er klare. Så vi går opp så fort forholda er gode nok, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle til NRK.
– Tett til brystet
Etterforskingsleiaren kan ikkje seie nøyaktig når det er venta at forholda blir gode nok.
Etterforskingsleiar Grete Hjelle.
Foto: Andrine Davidsen / NRKDet ligg snø på sørsida av Saudehornet som normalt ville ha vore vekke i juni. Men det har altså kome meir snø seinare på året i år enn tidlegare.
Ørsta-ordførar Stein Aam meiner at saka ligg som ei klam hand over bygda, og spesielt ved Saudehornet, Vallahornet og Nivane – som er populære turområde i Ørsta.
– Folk føler at ting burde ha vore avklara. Vi håper politiet har ein plan, men dei har halde har hatt korta tett til brystet, så vi får ikkje vite så mykje vi heller, seier Aam.
Det vart leita etter Maja Herner i fire dagar før aksjonen vart avslutta. Politiet trudde ikkje lenger det var mogleg å finne den polske kvinna i live.
Foto: Roar Strøm / NRKEi spesiell sak
Forsvinninga av Maja Herner har vore tung for Ørsta-samfunnet. Mange rykte har gått om kva som kan ha skjedd med den polske kvinna.
Dessutan har eit polsk detektivbyrå også lansert alternative teoriar.
Men politiet meiner altså at det ikkje har skjedd noko kriminelt, og at Herner ligg i fjellet.
Dei har peika seg ut stader dei skal leite når forholda blir gode nok.
Laurdag 3. august går det populære motbakkeløpet Saudehornet rett opp. Ørsta-ordføraren håper at leiteaksjonen etter den sakna polske kvinna er ferdig i god tid før løpet.
Foto: Einar Orten Trovåg / NRKMysteriet Maja Herner
- 21. november etter kl. 13.00Sender meldingar
Maja Herner sender meldingar til fleire kjenningar om at ho har tenkt seg ein tur «up to the mountains».
- 21. november 2018 ca. kl. 12.35På butikken
Maja Herner blir observert på ein daglegvarebutikk i Ørsta. Ho kjøper vanlege varer som ho sannsynlegvis tek med seg til bustaden sin i Ørsta.
- 21. november ca. kl. 14.30Starta turen
Maja Herner skal ha starta på turen sin. Ho parkerer bilen sin ved ein populær turveg i Vikegeila i Ørsta. Frå denne vegen kan ein kome seg til det 1303 meter høge Saudehornet.
- 21. november kl. 18.30Leiteaksjon
Det blir sett i gang ein leiteaksjon etter Maja Herner. Røde Kors og ein luftambulanse deltek.
- 21. november kl. 21.30Utvidar leiteaksjonen
Leiteaksjonen blir utvida, mellom anna med redningshelikopter frå Florø.
- 22. novemberLeitinga held fram
Mange frivillige har meldt seg og deltek i søket. Politiet opplyser kl. 13.30 at dei ikkje har nokon spor og at dei gjerne vil ha tips i saka.
- 23. novemberEndå fleire deltek
Også elevar frå folkehøgskulen i bygda deltek no i søket, saman med fleire hundre andre frivillige. Det blir mellom anna leita i hagar i Ørsta ikkje langt frå der Maja Herner skal ha starta turen sin.
- 24. november, om ettermiddagenSperra av området
Politiet sperra av eit området der det skal ha blitt funne interessante gjenstandar. Men politiet seier at funna ikkje treng om å ha noko med den sakna kvinna å gjere.
- 25. november ca. kl. 14.00Tek bilete frå helikopter
Eit politihelikopter frå Oslo bidreg med å ta foto av fjellområdet.
- 25. november, ca. 17.30Avsluttar aksjonen
Politiet melder at redningsaksjonen er avslutta. Dei trur ikkje lenger det er håp om å finne Maja Herner i live.
- 26. novemberGår gjennom bileta
Politiet opplyser at det er tatt om lag 2800 bilete frå fjellområdet som dei skal gå gjennom.
- 28. novemberLeitar igjen
Politiet opplyser at leitinga i fjellområdet held fram. Mellom anna bidreg hundar i søka.
- 29. novemberDrone
Det blir sett i gang søk med drone. Om ettermiddagen opplyser politiet at dronesøka ikkje gav resultat.
- 3. desemberOpen for alle teoriar
Politiadvokat og etterforskingsleiar Inger Myklebust Ferstad seier til NRK at dei må halde alle teoriar opne, sjølv om dei ikkje har haldepunkt for at det har skjedd noko straffbart. Same dag kjem det fram at vennar av Maja Herner har starta ein innsamlingsaksjon for å sende polske privatetterforskarar til Ørsta.
- 5. desemberRykte og spekulasjonar
Ørsta-ordførar Stein Aam stadfestar at det går mange rykte i bygda om kva som kan ha skjedd med Maja Herner. – Saka heng tungt over oss i bygda og over meg som ordførar, seier Aam til NRK.
- 6. desemberUsikkert kor høgt i fjellet
Inger Myklebust Ferstad opplyser til NRK at dei ikkje kan seie nøyaktig kor høgt i fjellet Maja Herner kan ha vore. – Dette er ikkje eksakt vitskap. Indikasjonane via basestasjonane viser at telefonen har vore oppe i høgda, men vi veit ikkje kor mange høgdemeter det er snakk om, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.
- 12. desemberVeret hindrar nye søk
Politiet ønskjer å gjere nye søk i fjellområdet, men dårleg ver hindrar nye søk. Det er kaldt i Ørsta og mykje snø i fjellet.
- 28. desemberPolsk detektivbyrå
NRK skriv at eit polsk detektivbyrå har lansert andre teoriar om kva som kan ha skjedd med Maja Herner. Detektivbyrået samarbeider ikkje med politiet i Norge.
- Nyttårshelga 2019Nytt søk
Etter tips frå publikum om observasjon av ramn gjer politiet eit nytt søk 300-400 meter over havet. Søket blir utan resultat.
- 8. januarBer om observasjonar
Politiet ber publikum melde inn observasjon av ørn og ramn nær bakken i det aktuelle fjellområdet i Ørsta.
- 10. januarNye søk
To spesialtrena hundreekvipasjar frå Møre og Romsdal politidistrikt gjorde søk i terrenget. Dei gjorde ingen funn av interesse.
- 21. januarRedde for å gå tur
Fleire sentrale personar i Ørsta-samfunnet seier at turgåinga i området der Maja Herner skal ha forsvunne har gått drastisk ned dei to siste månadane. Mange er redde grunna den uavklara situasjonen.
- 18. februarStillstand
Politiet opplyser at det ikkje er gjennomført nye søk i terrenget sidan 10. januar.
- 24. maiHar lagt planen
Politiet melder at dei har blinka ut konkrete stader dei skal leite etter Maja Herner i sommar. – Det er seks til sju stader vi er nøydde til å få undersøkt i løpet av sommaren. Vi er avhengige av hjelp fra alpine redningsgrupper og vi må vente til snøen har forsvunne. Dette er stader som er vanskelege å kome seg til og vi har ikkje vore er tidlegere, seier politiinspektør Yngve Skovly.
- 16. juliVentar framleis
Mykje snø seint på året har gjort at leitingsarbeidet etter Maja Herner framleis står på vent. – Vi ventar på at snøforholda skal bli identiske slik dei var då ho forsvann. Framleis ligg det for mykje snø i fjellet. Men planane for leitearbeidet er klare. Så vi går opp så fort forholda er gode nok, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle til NRK.
- 15. augustStarta søk med drone
Politiet starta å søke i fjellet med drone. Det er utfordrane arbeid, og ein er avhengig av godt ver for å få noko ut av bilda.
- 22. septemberNye helikoptersøk
Politiet gjennomførte nye helikoptersøk i området rundt Saudehornet i Ørsta. Samtidig tok dei bilde av område dei ønska å sjå nærare på.
- 26.septemberFår hjelp av Kripos
Politiet i Møre og Romsdal opplyser at dei får hjelp av Kripos. Cold Case-gruppa skal no sjå gjennom alt etterforskingsmaterialet for å sjå om det er fleire etterforskingsskritt som bør bli gjennomført.
- 21. november 2019Sakna i eitt år
Maja Herner har vore sakna i eitt år.
- 22. novemberNytt søk
Røde Kors gjennomfører nye søk etter Maja Herner i Ørsta. Nye tips om mykje ramneaktivitet i eit område, der det har vore leita lite før, gjer at det blir sett i gang nye søk.