NRK Meny

Skal kutte 100 årsverk

Rundt 100 årsverk blir kutta i Helse Møre og Romsdal. Hittil i år ligg helseføretaket 48,5 millionar kroner bak resultatkravet, og 90 prosent av avviket er knytt til løn, skriv smp.no. På styremøtet i helseføretaket vedgjekk helsedirektør Espen Remme at planlegginga for sommaren har vore for dårleg.