Hopp til innhold

Salet av skisenteret på Stranda skal kontrollerast

Kontrollutvalet i Stranda skal gå gjennom heile utbygginga og salsprosessen i samband med skisenteret på Strandafjellet. Lokale kjøparar fekk tilslaget på 56 millionar kroner.

Gondolene i gang på Strandafjellet
Foto: Strandafjellet Skisenter AS

Inge Gjærde

Inge Gjærde er leiar i Kontrollutvalet i Stranda, som no skal kontrollere salet av skisenteret.

Foto: Remi Sagen / NRK

Stranda kommune er i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon og er den kommunen i landet med høgast gjeld. Sal av Strandafjellet skisenter har vore naudsynt. I går vart det klart at dei lokale investorane Frode Håkon Kjølås, Per Magne Grøndahl og Bjarte Tunhold får kjøpe skianlegget for56 millionar kroner.

– Vi skal no gå gjennom mange ulike sider som har med utbygginga på fjellet å gjere, og sjølve salsprosessen, seier leiar i kontrollutvalet, Inge Gjærde.

LES OGSÅ:

Summen var langt under det Stranda kommune treng og det må difor kuttast i kommunale tilbod. Kommunen har framleis ei restgjeld på 100 millionar kroner.

– Det var eit lett val å selje skisenteret. Kommunen har ikkje økonomi til vidare satsing på infrastruktur, vedlikehald og utbygging på fjellet, seier Gjærde.

Alle partia var samde då kommunestyret røysta over salet torsdag ettermiddag. Det dei ikkje har vore samde om er prosessen framfor salet.

Stranda kommune har auka gjelda, men likevel fått eit problem mindre. Eit samrøystes kommunestyre vedtok i dag å selje Stranda skisenter til lokale investorar. Både administrasjon og kommunestyre er letta.

Strandafjellet skisenter seld