Hopp til innhold

Han reiser Norge rundt på 24 timar

Gunnar Garfors er ikkje som reisande flest. Ved midnatt tysdag skal han ha besøkt alle 19 norske fylke – på 24 timar.

Gunnar Garfors i Kristiansund

Gunnar Garfors på Kverberget i Kristiansund.

Foto: Roar Halten / NRK

Gunnar Garfors i bil

Frå fly til bil til ferje. Det går unna når ein skal rekke Noreg på ein dag.

Foto: Roar Halten / NRK

Han er framleis ved godt mot etter 14 tilbakelagde fylke. Så langt. I føremiddag landa den rekordsugne globetrotteren på Kvernberget flyplass i Kristiansund. Men han hadde ikkje tid til å bli.

–No skal vi frå fly til bil. Vi skal køyre nordover til Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag. Og så flyg vi vidare til dei nordlegaste fylka etter det.

Frå 198 til 19

19 fylke på eitt døgn høyrest imponerande ut. Men Garfors frå Naustdal i Sogn og Fjordane har vore ute på tur før. I 2012 nådde han sitt eige mål om å besøke alle 198 land i verda og hamna med det i Guinness rekordbok.

–Det var ein gal idé som eg fekk då eg var i Istanbul for nokre år sidan. eg kryssa Bosporos-sundet på to minutt og då var eg både i Asia og Europa på kort tid. Då byrja eg å lure på kor mange verdsdelar det gjekk an å besøkje på ein dag, sa Garfors til NRK den gongen.

Skriv bok om å reise jorda rundt

Men tilbake til Noreg og 19 fylke på eitt døgn. For det er ikkje heilt tilfeldig at globetrotteren har lagt opp til ein lynkjapp norgesturnèen. Høvet er ei reisebok om nettopp dei 198 landa han har besøkt.

-Alle fylke på eitt døgn. Det har ingen gjort før, og det samsvarar godt med ånda til boka. Alle land, alle fylke, seier Garfors.

Opptatt av tal

Han er over snittet interessert i statistikk og rekordar. Då han såg ein reportasje på tv om ein som "samla " på flyplassar, måtte han også telje. No har han kontroll. Stålkontroll. Berre høyr kommentaren då han landa på Kvernberget.

–Dette er flyplass nummer 302 for meg. I dag tidleg hadde eg besøkt 301 flyplassar i verda, men dette er ein ny til statistikken, seier Garfors til NRK.

Kom heilt i mål

Gunnar Garfors i Kristiansund

Tilsette på Kvernberget tok i mot

Foto: Roar Halten / NRK

Og det har ikkje mangla på merksemd langs ruta.

–I Florø fekk eg ukulele og fantastisk song med namna til alle dei 198 landa i verda. Heilt fantastisk!

" Landa nett i Bodø, fylke nummer 17. Perfekt vêr, som i Kristiansund. 2 fylke igjen...."

Og før fristen ved midnatt kunne Garfors notere også Troms og Finmnark på lista, dermed var alle fylke tilbakelagt - på 24 timar.

  • Sjå fjernsynsreportasjen om turen her:
    Globetrotter Gunnar Garfors besøker alle landets fylker på 24 timer.