Hopp til innhold

Skal ikkje overprøve kommunane

Fylkesmannen presiserer at det er Stortinget som bestemmer

Lodve Solholm og Rigmor Brøste

Fylkesmann Lodve Solholm og ass. fylkesmann Rigmor Brøste presiserer at det Stortinget som vedtar kommunegrensene.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I radionyheitene på NRK Møre og Romsdal fredag sa assisterande fylkesmann Rigmor Brøste at ingen kommune har vetorett.

Seinare på dagen understreka ho at det er Stortinget som bestemmer korleis kommunekartet skal sjå ut.

Rigmor Brøste

Det kom reaksjonar då Rigmor Brøste på NRK sa at Fylkesmannen kunne overprøve kommunane sine vedtak om samanslåing.

Foto: Trond Vestre / NRK

Fylkesmannen har sendt ut ei pressemelding. Der blir det presisert at fylkesmannen ikkje kan oppheve eller endre vedtaka som kommunane gjer i kommunereforma. Men dei skal gi ei samla tilråding, basert på heilskapen i regionen.

Les også: Reforma kjenner ingen grenser

Vedtak til sommaren

Stortinget har gitt kommunane frist til 1. juli i år med å gjere vedtak om kva dei vil, med utgangspunkt i hovudmåla i kommunereforma.

Heilskapleg vurdering

Fylkesmannen skal lage ei tilråding ut frå ei heilskapleg vurdering. Fylkesmann Lodve Solholm og ass. fylkesmann Rigmor Brøste skriv at dei har frist på seg til 1. oktober til å sende inn tilrådinga si til departementet.

Les også: Kan tape 100 millioner

På bakgrunn av vedtaka frå kommunane og tilrådinga frå Fylkesmannen skal Stortiget gjere endeleg vedtak om den framtidige kommunestrukturen innan 1. juli 2017.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL