Hopp til innhold

Skal hjelpe flyktningar i naud

Trygge kontorstolar på lensmannskontoret blir bytta ut mot tøffe og krevjande oppgåver i Middelhavet for fem politimenn frå Møre og Romsdal.

Erik Steen Mikalsen

Lensmann i Ørskog, Erik Steen Mikalsen, får heilt andre utfordringar neste år. Då reiser han til Middelhavet for å drive grensekontroll.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

I løpet av dei neste månadane skal dei fem tenestegjere på Siem Pilot og redningsskøyta Henry von Koss i Middelhavet.

Oppgåva er å drive grensekontroll for Italia og Hellas, og samstundes hjelpe lyktningar i naud.

Krevjande jobb

Lensmann i Ørskog, Erik Steen Mikalsen, er ein av dei som i 2017 skal ha heilt andre arbeidsoppgåver enn dei han har i dag.

Siem

Siem Pilot er eitt av to norske skip som dei fem politimennene frå Møre og Romsdal skal tenesetegjere om bord i.

Foto: NRK

Hjelpearbeid Middelhavet

Dei norske båtane har vore med i arbeidet med å redde 35.000 menneskeliv så langt.

– Eg har eit ønskje om å kunne bidra og håper eg kan bruke erfaringane eg har som innsatsleiar, seier Mikalsen.

Lensmannen vert nestkommanderande for politistyrken om bord på Siem Pilot, eitt av to norske skip som deltek i den internasjonale Frontex-operasjonen i Middelhavet.

– Det er ein krevjande jobb og ein vert utsett for mange påkjenningar der nede, men eg føler eg har det som skal til for å kunne bidra på ein god måte.

Redda over 35.000 menneskeliv

Så langt har dei norske båtane vore med på å redde over 35.000 menneskeliv, men 4500 menneske på flukt i Middelhavet fekk aldri hjelp i 2016, dei drukna på veg mot Europa.

– Det er ikkje tvil om at det er tøffe inntrykk. Det er harde påkjenningar for dei som har delteke og vi som skal delta, seier Ørskog-lensmannen.

Er du førebudd på det du kjem til å møte der?

– I det omfanget som kjem til å møte meg der, så er eg nok ikkje 100 prosent førebudd.

Det skal vere 10 politi ombord, 11 helsepersonell og eit mannskap på 15. Dei andre politimennene frå Møre og Romsdal er Joachim Olsvik, Per Arne Dahle, Øyvind Kvalvåg og Karl Idar Vik.